Politiet rykte ut med blåljos frå Vinstra, mot plassen for hendinga ein stad mellom Fefor og Gålå. Arvid Røste ved operasjonssentralen avdramatiserer, og seier at politiet er på veg for å sjekke ut kva det dreier seg om.
- Innringaren såg nokre karar ved vegen som sat med skytevåpen, og meinte at han vart sikta på. Han trudde kanskje det var luftgevær, men politiet rykkjer nå ut for å ta rede på det, for sikkerheits skuld, seier Røste.
Innringaren meldte også frå om at det sto ein utanlandskregistrert bil like ved.