Øivind Bergh sin minnepris går til unge lovande fiolinistar, og har vorte utdelt under det årlege Peer Gynt-stemnet på Vinstra sidan 1989.  Minneprisen har ein verdi på 25 000 kroner, og er eit samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt as, etterkomarane av Øivind Bergh og Sparebank 1 Gudbrandsdal.

– Hans P. Kjorstad har solide røter i folkemusikken i Gudbrandsdalen. Han leiker med sjangre, og er ein spennande utøvar vi kjem til å høyre meir frå, seier juryen.

Tidlegare musikklinelev

Hans er i dag student på det frie kandidatstudiet ved Norges Musikkhøgskole. Han har tidlegare studert ved Toneheim Folkehøgskole og musikklinja ved Vinstra Videregående skole. Han er ein erfaren fiolinist trass sin unge alder, og har opptrådt på mange scener.

Prisen blir delt ut i samband med høgfjellskonserten ”Ved Rondane” den 9. august.

Årets jury er samansett av Trude Bergh (frå familien Bergh), Rolf Lennart Stensø (KORK), Gjermund Larsen (FolkOrg) og May Brit Støve (Peer Gynt as).