Dahle er oppvaksen i Sør-Fron, rett ved Fron ysteri. Nå er det er over femti år sidan ho flytta for å utdanne seg til sjukepleiar, og ho er busett på Romerike. Det var etter at ho vart pensjonist ho tok opp penselen, og dei siste fire åra har ho hatt stor glede av å måle kjente motiv frå den gamle heimbygda, og onsdag opnar ho utstilling i siloen på Rudi.

Vanskeleg å rive seg laus

– Motivvalet har nok samanheng med at eg selde staden eg hadde i Sør-Fron, Sveiphaugen, og ikkje greide å rive meg heilt laus, fortel ho.

Da er det fint å finne motiv i gamle bilete frå kulturlandskapet i Sør-Fron, og måle seg heim.

Året etter ho selde plassen i Sør-Fron, vart ho med i målarklubben i Rælingen kunstforeining, og ho er også med i målarklubben til Skedsmo kunstforeining.

Dei mange motiva frå midtdalen, særleg Sør-Fron, der ho vaks opp, er i akryl på lerret. Motiva er stort sett frå gamle svart-kvittbilete, det gamle kulturlandskapet er favoritten. Da Dølen pratar med henne før sommaren, er ho på Nutheim i Telemark på målarkurs.

Gler seg til publikumsresponsen

– Det er så artig å lære, og eg likar å gå på kurs. Tidlegare i år var eg på kurs i Røros også, seier pensjonisten.

Jorunn Krag Dahle  har delteke i fleire av utstillingane til dei to kunstforeiningane ho er med i. Ho var også oppteke ved Rælingen kunstforeinings juryerte utstilling hausten 2014. På Rudi gard får ho heile siloen til disposisjon, og har med bortimot 50 bilete.

– Motiva eg har måla har nok endra seg med tida, og det blir spennande å høyre kva folk seier, seier ho, og gler seg over moglegheita til å få stille ut måleria.

Motiva er lokale, når Jorunn Krag Dahle stiller ut i siloen på Rudi Gard frå onsdag 29. juli. Foto: Utsnitt av måleri/foto privat