Oversikta er basert på tal frå Kostra, SSB, ENOVA og Rovbasen, og Natur og Miljø presenterer heile oversikta på nett her.
Midtdalen kastar meir
Så kor mykje hushaldningsavfall kastar nord-frøningane? Kor mange el-bilar er det i Sør-Fron? Og har Ringebu fått ned bruken av oljefyr i kommunale bygg?
Nord-Fron scorar dårleg på barometeret når det gjeld avfall frå hushaldningane, og syner ein negativ trend når det gjeld å gje dispensasjonar til motorferdsle i utmark. Sør-Fron sine innbyggjarar kastar også meir enn før, og kommunen brukar mindre enn landssnittet per innbyggjar på naturforvaltning. Ringebu får minus i margen for bygging i strandsone; 96 prosent har fått dispensasjon til bygging i område med byggeforbod.
Alle kommunane i landet er rangert etter fleire kategoriar. Samanfatta i pdf-dokument, syner desse om trenden er positiv eller negativ for miljøet, samanlikna med førre kommunestyreperiode.
Naturvernforbundet meiner kommunevalet i år ligg an til å bli prega av miljødiskusjonar.
Den siste «klimabarometer»-undersøkinga frå TNS Gallup syner at folk er svært skuffa over miljøinnsatsen i kommunane. Medan 57 prosent av folkesetnaden til dømes forventar at kommunen tek ei aktiv rolle i klimaarbeidet, meiner berre 6 prosent at dei gjer det.
- Derfor er det ekstra viktig å sette et kritisk søkeljos på miljøpolitikk i kommunane, meiner Naturvernforbundet.