Dølen skreiv 4. mai om at kun den interne kandidaten vart intervjua, i prosess med tilsetting av ny rektor ved Vinstra ungdomsskule. Kommunen understreka da, at dei ikkje hadde vore opptekne av korleis prosessen skulle bli oppfatta utad.

Da Dølen 11. mai skriv om at hovudtillitsvald to gonger undervegs bad om å få vurdert habiliteten sin, er svaret frå administrasjonen at det er gjort ei grundig vurdering.

Dølen har ikkje fått svar frå administrasjonssjefen på om det er nok, etter føresegnene i forvaltningslova, at ein internt er sikker på at prosessen har vore sakleg og profesjonell, uavhengig av korleis allmennheita ser på saken.

Bygd på tillit

Fylkesmannen uttaler at tilliten til avgjerder i forvaltninga bør vera ein viktig del av vurderingar av habilitet og roller.

– Poenget med forvaltningsloven er nettopp at ein skal kunne stole på avgjerdene som blir fatta, at dei skal ha tillit hjå folk. Det er eit avgjerande prinsipp for forvaltningsreglementet, seier seniorrådgjevar Mette Rundsveen hjå Fylkesmannen.

Samstundes er det eit skjønnspørsmål i tilfelle der vurderingane kjem under Fvl §6, andre ledd, seier ho.

Paragrafen regulerer tilfelle der «andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til upartiskhet»

– I tilsettingar er det særleg viktig med gjennomsiktige prosessar, fordi slike avgjerder ikkje har klageadgang, seier Rundsveen vidare.

Slike saker kan ein ta til Sivilombodsmannen, men det vil ikkje få verknad for tilsettinga som allereie er gjort.

Signala ein sender ut viktige

John Holen er seniorkonsulent i rekrutteringsbyrået Assessit, og har 20 års erfaring frå offentleg og privat verksemd. Han har mellom anna kjørt tilsettingsprosessar i Sel kommune.

– Når vi blir brukt, er det for det fyrste eit ønskje om kvalitet og profesjonalitet i prosessen, det å forhindre feiltilsetting så godt det let seg gjera, men også det at vi fungerer som ein objektiv profesjonell aktør, seier han.

Holen understrekar at han ikkje har føresetnader for å vurdere eller uttale seg om dei vurderingane som har vore gjort i den konkrete saken i Nord-Fron.

– Men det er viktig å ha fokus på habilitet og roller. Spesielt knytt til det offentlege, er det ofte fleire aktørar. Da er det viktig å få det på bordet, seier han.

Han meiner at sjølv om arbeidsgjevaren kan ha handtert det på ein veldig profesjonell og ryddig måte, i høve til lovverk og fullmakter og slike ting, så kan det vera andre signal som når ut.

– Det må ein også ta omsyn til, og tenkje, korleis ser dette ut for andre enn oss, andre søkjarar, kolleger, allmennheita, peikar han på.

Delegert

Holen er klar på at alle kandidatar må stille med like og objektive føresetnader, nettopp for å sikre ein profesjonell prosess.

– Eg intervjuar heller ein for mykje enn ein for lite, seier han.

Ordførar Rune Støstad ønskjer ikkje å meine noko om korleis saken har påverka omdømmet til Nord-Fron.

– Tilsettingar er delegert til rådmannen. Eg forventar jo at det blir gjort på ein god måte, og blir det ikkje det, reknar eg med at tillitsvalde melder frå om det, seier Støstad.

Rett før trykk, kjem svar frå adm.sjef Sandbu, om at han vil orientere om rekrutteringssaken i lukka møte i KU. (Kontrollutvalet)

Ordførar Rune Støstad ønskjer ikkje å uttale seg om omdømmet til Nord-Fron blir berørt av merksemda i slike saker. - Tilsettingar er delegert til administrasjonssjefen, seier han. Foto: Guro Vollen
Seniorrådgjevar John Holen i rekrutteringsfirmaet Assessit meiner signala som går ut har mykje å seie for korleis omdømmet til ein arbeidsgjevar vil bli. Foto: Guro Vollen