I følge Roy Bjarne Moen hjå arrangøren, er konsert fredag og laurdag kveld, med unge landsbyrockarar i gågata på dagen laurdag, ein sikker vinnar.

– Eitt av dei viktigaste måla våre er å vera ein arena for unge band og talent, der dei får prøve skikkeleg konsertstemning, seier Moen.

Lokale heltar

Dei unge fåvangingane i Ramblin' Men har etter kvart fått seg eit brukbart namn, etter mellom anna å ha vunne prisen Ubarket under Tømmerstock-festivalen i Brumunddal i fjor.

Dei skal spela laurdag.

– Ta til dømes Ramblin Men, som har vore med her også før.

Feedback og spelletid

På Landsbyrock får dei ærleg feedback frå eit skikkeleg konsertpublikum, seier Moen.

Dei får også stå på same scene som Vazelina, som er hovudattraksjon laurdag.

Fredagen startar med irske Grainne Duffy, og Christian Lund frå New Zealand/Ringebu.

Talentvisning

Laurdag føremiddag er det dei yngste av dei unge som slepper til, og på scena står ulike band i regi av rock- og bluesklubben og kulturskulane i Ringebu og Øyer.

– Det blir tre timar spekka med musikk, lovar Moen.

Marknadsforeninga i Ringebu trør til med frukost i gågata frå morgonen, og sidan går det slag i slag i landsbyen.

Bilopphøggarane frå Toten blir å høyre i gågata i Ringebu laurdag kveld. Her frå Rondaståk tidlegare i år. Foto: Tone Sidsel Sanden