Onsdag var det utdeling av sertifikat og markering av at Vinstra vidaregåande skule nå er ein av sju vidaregåande skular i fylket, som har fått merkelappen helsefremjande. For å bli sertifisert må skulen oppfylle visse krav, til mellom anna ei sunn kantine, årshjul for helsefremjande tiltak på skulen, eit fokus på psykisk helse og godt skulemiljø, fysisk aktivitet, tobakksfriheit og rusførebyggjande arbeid.

Elevar og tilsette skal vera involverte i gjennomføringa av desse tiltaka.

Vinstra er nå sertifisert på line med Dokka, Gausdal, Lena-Valle, Hadeland, Gjøvik og Valdres. Fylkeskommunen har ansvar for å fremje folkehelse, mellom anna gjennom tiltak i den vidaregåande skolen.

– Undersøkingar syner at helse og levevaner heng saman med læring og gjennomføring, skriv OFK på heimesidene sine.

Sertifikatet vart overlevert av Anne Marte Kolbjørnshus, leiar av komite for opplæring og kultur i fylkestinget, og helserådgjevar og avdelingsleiar ved skulen, Synnøve Harerusten.

- Helsefremjande tiltak er noko av det viktigaste skulen kan gjere, og ein vil raskt merke om skulane ikkje fokuserer på å arbeide førebyggjande medhelsa til ungdom. Vi skal halde fram med eit systematisk arbeid for ungdommane si psykiske, fysiske og sosiale helse, og for at dei skal ha gode liv der dei opplever meistring i kvardagen, seier Harerusten under markeringa.