I alt får 208 lærarar frå hausten 2015 jobbe som lærarspesialistar i norsk eller realfag. Desse lærarane får anten høgre løn eller mindre undervisningstid, eller ein kombinasjon. Dette skal gi dei høve til å bruke meir tid på fagleg leiing og vere pådrivarar for fagleg utviklingsarbeid i skulen, samstundes som dei har undervisning som hovudoppgåve, opplyser kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Tre spesialistar

Sør-Fron kommune får tre lærarspesialistar. Dei er einaste kommune i vårt distrikt som blir med på ordninga.

– Ordninga med lærarspesialistar gir lærarane høve til å velje ein fagleg karriereveg, og vi trur det vil bidra til å rekruttere dyktige lærarar og heve statusen til lærarane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Pilotrunde

Utdanningsdirektoratet har valt ut totalt 31 kommunar, seks fylkeskommunar og ein privatskule som får ha spesialistlærarar over ein prøveperiode på to år.

– Dei kommunane og skolane som får lærarspesialistar, har lagt vekt på at spesialistane blir mest mulig nyttige også for heile skolen og dei andre lærarane, seier Torbjørn Røe Isaksen.

– I tillegg til kvaliteten på søknadene, er også kommunestorleik, skuletype og geografi vurdert, slik at vi får god spreiing og kan lære mest muleg i denne pilotrunden, avsluttar kunnskapsministeren.