Det går fram av tal som Østlandsforskning har lagt til grunn i rapporten om økonomisk innsparing ved ei kommunesamanslåing i Midtdalen.

– For Nord‐Fron har trenden vore ei stadig auke i utgiftene til administrasjon og styring. Frå 2008 og til 2014 auka utgiftene med nesten 40 prosent. I same periode har innbyggartalet hatt eit marginalt fall, heiter det i rapporten.

Omstilling i Sør-Fron

I Sør‐Fron har trenden vore fallande, med unntak av i 2013, har utgiftene til administrasjon og leiing falt med 36 prosent.

Sør-Fron kommune har i same periode hatt ein liten befolkningsvekst. Det høyrer også med at Sør-Fron har vore gjennom ei stor omstilling i kommuneorganisasjonen i denne perioden.

Stabilt i Ringebu

– Nord‐Fron går frå å ha dei lågaste netto driftsutgiftene i 2008 til dei høgaste i 2014, mens Sør‐Fron, som låg høgast i 2008, har dei lågaste utgiftene per innbyggar i 2014. Ringebus utgifter har vore relativt stabile i perioden, heiter det vidare i rapporten.

Utgiftene for Ringebus del i 2014 er likevel lågare enn dei var i 2008.

I rapporten vidare peikar Østlandsforskning på innsparingspotensialet ved ein ny kommune. Dette kan du lese meir om i papirutgåva av Dølen torsdag 3. mars.