- Prosessen mot samanslåing har gått i over eit år, så møtet blir ei formalisering, fortel Lars Lundbakken, administrativ leiar i Venabygd RKH.

Samarbeid allereie

Frå før er det allereie mykje samarbeid mellom laga, til dømes ved større vaktarrangement, som verdcupen i Kvitfjell, Countryfestivalen på Vinstra, Peer Gynt ved Gålå.

Det nye prosjektet Røff, med friluftsliv og aktiviteter kobla med fyrstehjelp for unge, er eit anna prosjekt der Fåvang og Venabygd samarbeider. Opplegget har fått med 12 unge sidan oppstart før jul, frå heile Midtdalen.

- Medlemmane til både Venabygd og Fåvang er også spreidd ut over heile kommunen, seier Lundbakken.

Rekruttering er alltid eit pågåande arbeid, og i tillegg til prosjektet retta mot unge, er hjelpekorpsa opptekne av å få med vaksne som er godt kjent i fjellområda lokalt, kanskje særleg jegerar.

- Vi treng alltid lokalkjende, i tillegg til at vi må ha folk som er gode til å orientera seg og folk som er gode på fyrstehjelp, når vi skal ha ut eit lag til ettersøking,  seier han.

Solide lag

Til saman vil dei etter samanslåinga ha omkring 35-40 aktive medlemmar. Desse er sertifisert med teori og praktisk prøve tredje kvart år, så det blir eindel kursing og opplæring internt også.

Og skulle det gå gale med samlinga, er det ein angrefrist på to år.

- Dersom vi ombestemmer oss, er prosessen slik gjennomført at ein held styr på eigedelane til dei to laga og kva ressursar dei legg inn i fellesskapet, forrtel Lundbakken, og legg til at dei har hatt god hjelp frå distriktskontoret på Gjøvik.

Den største forskjellen etter ei samanslåing trur Lundbakken vil bli på den sosiale delen. Ein ny giv og fleire personar å spela på. - Å ha ein større organisasjon å fordele oppgåvene i , slik at ikkje dei same er med på alt, det kan bli bra, seier han.

Båe dei to laga står støtt økonomisk, og er godt forsynt på materiellsida. Huset til Venabygd RKH i Ringebu sentrum blir felles lokale, til kursstad og samlingar.