- Alle desse kandidatane vil kunne bli gode biskopar i Hamar og vil på kvar sin måte kunne vidareføre Hamar bispedømmes sin visjon «Hellige rom for alminnelige liv», seier bispedømmerådsleder Gunhild Tomter Alstad.

Dybdeintervjua

Da bispedømmerådet ba offentlegheiten om forslag på namn til kandidatar, kom det inn 222 forslag, som fordelte seg på 93 kandidatar. Bispedømmerådet sin leiar har sett stor pris på forslaga som ho seier har vore til god hjelp for rådet. Nå er fem kandidatar vald ut etter intervjuer og behandling i Hamar bispedømmeråd. Etter rådet si avgjerdsle opnast det for supplerande nominasjon.

Dei nominerte er Ole Kristian Bonden, Hege Elisabeth Fagermoen, Tor Even Fougner, Raag Rolfsen og Margunn Sandal.

Kandidatane vil bli dybdeintervjua og presentert gjennom eit arrangement i Hamardomen tysdag 13. september.