– Vi har bestemt oss for å arrangere julekveld på Kroa for alle dei menneska som er åleine i jula.

Det fortel Frank Asle Mathisen til Dølen.

Han ønsker å stelle i stand ein triveleg og hyggeleg kveld for dei som kan ha lyst på ein møteplass 24. desember.

– Det kan vere mange grunnar til at folk er einsame på julekvelden, som det å ha lang avstand til familie, eller brudd i parforhold, for eksempel. Eg er sjølv åleinefar, og utan mine to små heime hos meg julaftan, så er eg også åleine. I staden for at vi sitt åleine kvar for oss, så ber eg derfor heller inn til ein hyggelig julekveld på Kroa der vi kan feire saman, seier Mathisen.

Dørene opnar klokka 17.00, fortel han, og da står det klar ein rikhaldig julebuffet som folk kan forsyne seg av.

– Juletreet står pynta, og dei som kan ha pakkar dei skal opne, kan gjerne ta med desse. Det er eit lågterskeltilbod, og målet er rett og slett å skape ein triveleg kveld med god stemning, seier Mathisen, som og kan opplyse at fleire av deira leverandørar av råvarer stiller med gode priser eller gratis mat til arrangementet.

I utgangspunktet gratis

Mathisen fortel at arrangementet er alkoholfritt, slik at også småbarnsforeldre som kanskje er åleine med barna sine, også skal kjenne på at dette kan vere noko for dei.

Frank har fått med seg Anne Kari Smidesang, som til dagleg arbeider på kroa, til å hjelpe til.

– Da eg lufta tanken med ho, meldte ho seg straks som frivillig til å vere med og skape julestemning på julekvelden, seier Mathisen.

– Eg ønsker at flest mogleg skal få vite om dette, og at dei kan melde seg på til meg for å vera med. Dette skal i utgangspunktet vere heilt gratis, og så gjer vi det slik at dei som ønsker og kan ha moglegheit til det, kan betale eit beløp dei ønsker sjølve, legg han til.