For to veker sidan skreiv Dølen om planane for dei nye tettstadgatene på Hundorp, Harpefoss, Vinstra og Kvam (sjå faksimile).

Vegvesenets planar er nå ute på høyring.

Arbeidarpartiet i Sør-Fron meiner mykje med planane er bra – men dei hadde forventa meir.

– Det at dagens vegbreidde, gang og sykkelvegnett blir oppretthelde er bra, men vi hadde forventa mykje meir enn det som ligg i forslaget, skriv Arbeidarpartiet i si høyringsuttale.

Meir attraktive tettstader

Dei peikar på at Statens vegvesen har 120 millionar kroner til rådvelde for å forskjønne dei fire tettstadene.

– Om halvparten av midlane blir brukt til planlegging og honorar til konsulentar og liknande har vi framleis att 60 millionar kroner, 15 millionar kroner på kvart av tettstadene. Vi har nå ei unik moglegheit til å få pynta opp og gjere tettstadene våre tettsteder meir attraktive, seier Arne Bredeveien i Arbeidarpartiet til Dølen.

Les meier i papirutgåva av Dølen torsdag 6. oktober.