Kalenderen heime på kjøkkenet til Kari (83) og Rolf (84) Morken har talet 5,6 merkt av på fleire dagar i veka, heile månaden.

Ei lita påminning om kvardagsmål som er nådd, og som gjev trivnad og helse i retur.

Fast tur

Påminninga i kalenderen viser til kilometer. Når 5,6 står i kalenderen, er det merkje på at dei to har teke turen ut døra heime den dagen. Dei har svinga stega ned til venstre, i retning Linåkertunet.

Kanskje har dei slått av ein prat med gode naboar, dei har helst opp til venninna inne på Linåkerunet, og så halde fram på turen dei kallar Kilgardsrunden.

– Her brukar vi å ta ein stopp og puste på litt, seier dei to, etter at turen har gått opp dei fyrste bakkane frå sentrum, og vi har utsyn over Fåvangsaga, Laugen og sentrum.

– Fagre Fåvang framfor augom, siterer Kari, frå bygdasongen av Pål Kluften.

Saman: Ofte er det fleire med på turane til Kari og Rolf, også utanom trimkarusellen. Det sosiale ved turen er også viktig, med vener og naboar som blir med. Foto: Guro Vollen

Starta på femti

Ho fekk eit godt råd frå legen da ho var femti år. Kolesterolmålingane var ikkje bra, og Kari fekk råd om å ta til å gå. Sidan har ho gjort nettopp det.

– Hadde eg ikkje gjort dessa turane, ville eg ikkje vore den eg er i dag, seier ho sikkert.

Når vi kjem gjennom skogen, der botnen er pynta med dei nye ljosegrøne tuvene der gauksyra blømer, når vi opp til Vardberget. Det ligg rett ovanfor der gamle Nord-Fåvang skule sto.

– Vi gifta oss der i 1960, fortel Rolf. Langborda gjekk gjennom båe salane, der Kari og Rolf tidlegare gjekk i same klasse.

– Eg vart fløtt opp eit steg, ser du, seier Kari.

Motto: Det er lett å like mottoet til tur- og trimklubben i Ringebu. Foto: Guro Vollen

Tur med bestemor

Frå utsiktstoppen ser ein kav til Tretten. Kari ser heim til Braastad, der ho budde fyrste fem leveåra.

– Det var jo der eg starta turgåinga mi, saman med bestemor. Vi hadde fast tur til ein stein oppmed vegen frå heime, for bestemor hadde gode stunder, medan mor og far arbeidde, fortel Kari.

Bestemora gjekk med stav, så da gjorde vesle Kari det også.

Ei stund hadde både Kari og Rolf det daglege arbeidet sitt i Ringebu kommune. Da hendte det at dei tok beina fatt heim, over Høgkleiva.

– Det var så godt, når vi hadde sote på kontor heile dagen, seier Kari.

Fagre Fåvang: Frå toppen av Vardberget ser Kari til barndomsheimen Foto: Guro Vollen

Helse i kvart steg

Sprekingane vi er med på tur gjer også sitt for at andre skal oppleva turglede.

Anten turen går over Høgkleiva, innover Øksendalsfjellet eller langs Våla i sentrum av Ringebu.

Trimkarusellen har både nærturane og toppturar, til ulike toppar i kommunen, der Muen er den mest populære.

Til saman arrangerer tur-og trimklubben 11 toppturar og 17 kveldsturar, i tillegg til rullatordagar på Linåkertunet og sankthansfeiring. Når dette står på trykk er tur-ogtrimklubben på guida tur i Oslo, med sør-frøningen Gard Espeland som guide.

– Men du må også få med at vi er fem i styret, og at vi har med flinke folk, til turleiarar og faste turgåarar, understrekar dei.

– Og eg er einaste hanen i korga, i styret, seier Rolf.

Opp: Jamt og trutt, opp til toppen av Vardberget. Der oppe blir det kaffepause, for turen går ned att på andre sida. Ein må henge i for å følge desse to på tur. Foto: Guro Vollen

Gjort stas på

Det er likevel eit faktum at Kari har vore sekretær for tur- og trimgruppa sidan 1997, medan Rolf har vore leiar fleire år. Og andre verv har det òg vore. Så har dei da også fått påskjønningar til ein heil vegg. Både kvar for seg og saman.

Før samanslåinga av Ringebu og Fåvang sine idrettslag, var Rolf inne i styret i Fåvang idrettslag som leiar eller i andre funksjonar i voldsomt mange år.

– Det er 70 år neste år, sidan eg hadde fyrste tillitsvervet i idretten, da var eg assistent for materialforvaltaren i fotballen, og kaptein på guttelaget, fortel han.

Han fekk Ringebu kommunes kulturpris i 1988 for engasjementet.

Kari har også sine merittar.

– Men så var det nokon som måtte vera heime å passe fire ungar også, seier Rolf med eit smil.

Men ho kom også inn i styre og stell etter kvart. Mellom anna fekk ho på tjueårsjubileet til allianseidrettslaget æresmedlemsskap «for fremme av idrettslivet i Ringebu kommune», som det heiter på diplomet.

Veggen: Dei to har ein heil vegg med påskjønningar for frivilliginnsatsen, både kvar for seg og saman. Foto: Guro Vollen

Reiser nord og sør

Vi er med dei spreke pensjonistane berre nokre dagar etter at dei har kome heim att frå ein skikkeleg langtur. Svalbard var turmålet denne gongen, og der har dei også vore to turar før. Da vi ringte for å avtale for intervju, gjekk dei to tur i Tromsø sentrum.

– Vi likar veldig godt å reise. Det har vorte nokre turar etter kvart, seier dei.

Til langt sydlegare breddegradar enn Svalbard, også. Kreta har vorte ein favoritt, og dit blir det gjerne ein tur kvart år.

– Der er det også veldig fint å gå på tur. Det er ikkje noko for oss å ligge i ei solseng lenge, ler dei.