Det ser dei ut til å trivast med, 800 meter over havet på Bjøinstad gard i Brekkom.

Simona Kostelnikova og Tor Brubak kjøpte garden for to år sidan.

Variert utval

Om hausten 2016 kom dei fyrste dyra til gards, og sambuarane starta jobben med å bygge opp besetningar og driftsbygning litt etter litt.

Nå har dei dei nemnde grisane, sauar, høner, ender og to hestar. Snart står den siste oppgraderinga av driftsbygninga for tur, der dølafe til kjøtproduksjon skal få plass.

Utfyller: Tor tek handverksjobbane og køyrer traktoren i dei brattaste jorda. Simona har kunnskapen om dyra og korleis dei skal ha det. – Vi utfyller kvarandre, seier ho. Foto: Guro Vollen

Heim att for dølafeet

– Det meste av dølafeet som finst i dag kjem frå ei besetning i Fåvang, men finst ikkje her lenger. Så da er det naturleg for meg at vi skal ha det, seier Simona.

Dei gamle rasane er meir hardføre, meiner ho. Derfor er også gammalnorsk spælsau på plass. Grisene er ei opphavleg ungarsk rase, i nær slekt med villsvin, og av ei norsk line frå Folldalen.

I kjellaren oppgraderer dei produksjonsrom for kjøtt, med frys- og kjølerom. Alt av slakt kjem attende hit, for oppdeling og vidareforedling.

– Eg likar å ha heile prosessen sjølv, og lagar også litt andre stykningsdelar enn det som er vanleg. Heile dyret skal nyttast, er tanken, seier ho.

Ullgris: Opphaveleg frå ei ungarsk rase, nært i slekt med villsvinet og slakteklare i desember. Inntil da gjer dei jobben med å pløye, gjødsle og dytte opp steinar i det som skal bli grønnsaksåkrar neste år. – Så får eg jobben med å plukke steinane, seier Simona Kostelnikova. Her må det jobbast for kvar centimeter matjord. Foto: Guro Vollen

Frittgåande smågris

Simona lokkar til seg dei to grisepurkene. Lydane får ein heil flokk smågrisar, både stripete, mørke og ljose, til å koma fram. Dei smett ut og innunder gjerdeplankane som dei vil.

Grisane med eit stort inngjerda område ved innkøyringa til garden er eldre. Her veks dei i sakte tempo.

– Vi jobbar allereie etter reglane og skal søkje økosertifisering etter kvart. Nå bygger vi opp og blir ferdige med fjøset fyrst, men målsetninga er at hele drifta skal bli Debio-godkjent, seier ho.

Kvitfjell: Noko av bakgrunnen for at Simona og Tor valde å busetja seg øvst i Brekkom, er utsynet til alle kantar. Mellom grisane og det gamle huset skimtar ein toppen av Kvitfjell. Foto: Guro Vollen

Ein grisejobb

Vanleg industrigris går til slakt etter fem månader.

– Desse veks sakte, men får fine fiberstrukturar og fin feittmarmorering i kjøttet, seier Simona.

Dei skal til slakt fyrst når dei er 15 månader i desember, og før det har dei ein jobb å gjera. Dei et ugrasrøter og tilarbeider og gjødslar jorda, som skal bli grønnsaksåkrar til neste år.

Frå heimgarden i Tsjekkia er ho vand med meterdjup matjord utan stein. Det privilegiet har ikkje ein brukar i Brekkom.

– Eg må nok ta jobben med å fjerne steinane grisane grev opp. Her må vi jobbe for kvar centimeter matjord, ler ho.

Forsøksgrønsaker

Førebels er grønsaksradene som forsøksfelt å rekne, for Simona vil helst prøve seg fram med kva som passar klimaet øvst oppi Brekkom, med økologiske såvarer og gjerne gamle sortar.

Salet av dei mange varene frå garden går mellom anna gjennom REKO-ringen i Lillehammer på Facebook, i tillegg til nokre faste kundar lokalt.

– Brede (Bystadhaugen, journ.mrk.) på Fåvangkroa har brukt lam frå her sidan starten, i fjor kjøpte han vel alle våre, seier Simona.

Tupper: Simona og Tor flytta hit i mai for to år sidan. Til hausten er det to år sidan dei fyrste dyra kom i hus. Hønene er trygge for ørn og hønsehauk innanfor nettinggjerde. Foto: Guro Vollen

Sjølvgjort frå jord til bord

Bortsett frå slakting, preparering av skinnfellar og spinning av garn, gjer Simona alt sjølv. Varene ho tek til torgs spenner frå stykningsdelar til syltetøy.

– Vi er veldig opptekne av mat og kvaliteten på det vi produserer. For meg som produsent er det givande å sjå heile prosessen. Og eg trur det er bra for dyrevelferda. Eg kjenner kvart dyr og ser om noko er gale, seier ho.