Det «skjulte» tårnet imponerer turistar

Pisa har sitt skeive tårn, Paris har Eiffeltårnet og i Espedalen står elgtårnet. Om det ikkje er like kjent som dei to store, kan opplevinga i elgtårnet vera like stor for gjestene.

Bursdagsgåve: Joey van Tilburg leitte etter hytte i Gudbrandsdalen, og da dukka elgtårnet opp. – Eg sjekka, og fann ut at det var midt i blinken for ein opplevingstur med far, seier han.  Foto: Guro Vollen

Reportasjer

Da Joey (32) og faren John van Tilburg (60) vakna denne morgonen, såg dei to unge elgar springe nedanfor elgtårnet i fint trav.