Det vart ein fartsfylt og artig kamp i Kåja tysdag. Både Fron og gjestane frå Hamar var interessert i å angripe og sette høgt press. Begge lag rulla opp gode angrep, og som også førte til fleire gode sjanser framfor mål. Storhamar var farleg frampå etter 15 minutt, og det var spiss og kaptein på laget som ga bortelaget føringa og leiing i kampen.

Men Fron var fullt på høgde, og slapp seg ikkje nedpå. Like etter at dei fekk mål i mot, kom Sofie Stenseng Sanden heilt åleine igjennom, utan at ho klarte å sette ballen i nettet.

Godt spel

Men berre to minutt etter kom Sanden seg igjennom på kant, og la inn til kaptein Regine Stokkevåg Eide, som kontant sette ballen bak keeper til utlikning 1-1.

Ikkje lenge etter auka heimelaget til 2-1, ved nemnde Sanden.

Begge lag varta opp med godt spel i denne perioden, men Fron hadde likevel eit visst overtak. Difor var det litt uheldig at gjestane utligna til 2-2. Og berre nokre minutt før pause, gjekk dei opp i leiinga med 2-3.

Fokus seinare i veka

2. omgang vart kanskje ikkje så velspelt som fyrste halvdel. Likevel var Fronsdamene på hugget, og jaga utlikning. Men dei heilt store sjansene fekk dei ikkje. Storhamar var nærast scoring med eit skot i stolpen. Dermed vart omgangen utan mål, og Fron måtte innsjå tapet.

Dette var altså ikkje kapteinen til heimelaget spesielt nøgd med.

- Totalt sett synes eg dessverre at det var ein svak kamp frå oss. Dette var ein motstandar vi absolutt skulle klart og slått, dersom vi var meir påkobla, seier ho.

- Men vi får satse på at fokuset er der vidare ut i veka, for det ventar ny kamp allereie fredag og søndag, legg ho til.

Vi synes kapteinen er vel streng, for tysdagens kamp var absolutt ikkje svak, etter vårt syn.

Storhamar klatra opp på 7. plass på tabellen med denne sigeren, medan Fron hamna så vidt under streken, på ein 10. plass.

Fron møter Lillehammer i Kåja fredag kveld.