Sigurd Trætteberg og Kåre Pedersen syner fram nokre av sine kunstverk som dei har produsert som medlemmar av Vinstra målarklubb. Foto: Ola Holen

Med pensel og fargar gjennom 50 år: - Mange banka på klubbdøra og ville inn

Det heile starta den 31. oktober 1974. Paal Kleiven, Anders Storrvik, Sigurd Trætteberg og Eldbjørg Eidheim Skotte sette seg ned og konstituerte eit styre. Namnet vart «Vinstra amatørmålarklubb».