Eigaren av Pyntaberget, OTT Eiendom, har lagt det tidlegare helsehotellet ut for salg.

Usikkert

Dølen skreiv i sommar om intensjonsavtala OTT Eiendom hadde med mottaksdrivaren Link AS, om å opprette eit mottak for mindreårige asylsøkjarar i den tidlegare rehabliteringsinstitusjonen. Intensjonsavtala gjekk ut i september.

Bøygen for etableringa var særleg knytt til påkopling til det kommunale leidningsnettet, som ville kosta huseigar store investeringar.

- Det er pengar vi må vera sikra inntekter til å forrente, og sjølv om behovet for mottak nå er stort, er kontraktane med UDI knytt til stor usikkerheit når det gjeld tidshorisont, seier dagleg leiar, Marius Grove, til Dølen for ei tid sidan.

Mål om drift

Grove legg til at det også er praktiske vanskelegheiter knytt til å forvalte eigedom på Sør-Fron, når portefølja til selskapet ellers er konsentrert omkring Oslo.

- Vi trur det hadde vore betre for staden og for Sør-Fron kommune, om vi kunne fått til sal til nokon med tankar om ei slags drift, seier han.

Det er ordførar Ole Muriteigen samd i.

- Aktivitet i bygget og bruk av det, må vera eit mål. Salg vil opne for nye aktørar, og kanskje nye moglegheiter, seier han.

Han meiner dette uansett er deira beslutning, og at han har forståing for at det er krevjande å forvalte og utvikle eigedom i Sør-Fron frå Oslo.