Det betyr at det må bli fart på reguleringsarbeidet for Jordalen hoppanlegg, som ligg i Nord-Fron, heilt på grensa til Sør-Fron. Planprogrammet for hoppanlegget er godkjent, men reguleringsplanane har ennå ikkje vore til behandling i Nord-Fron.

NM for 15-16-åringar

Hovudlandsrenn i Nordiske greiner er NM for 15-16-åringar i hopp, kombinert og langrenn.

Jordalen skal bli ein del av Gåla idrettsanlegg, men skal ein få bygd anlegget slik at ein kan få gjennomført prøverenn neste år, må planane inn til kommunen fort. Truleg vil dei ikkje bli klare for sluttbehandling i kommunestyret før i septembermøtet, i følge Egil Tofte på avdeling for areal og næring.

Anlegget i Jordalen i Nord-Fron er kostnadsrekna til 7,2 millionar kroner, pengar som både er tenkt skaffa gjennom kommunale midlar, tippemidlar og dugnadsinnsats.

I meldinga frå Skiforbundet heiter det at hoppdelen skal bli gjennomført i nytt hoppanlegg , medan langrenn skal gå på Gålå, der Gålå idrettsanlegg.

Gålå idrettsanlegg søkte allereie i 2015 om å få Hovudlandsrenn i 2018, men neste år blir dette lagt til Lygna.