LIVESTREAM: Dølen og delar av Sør-Fron spelemannslag arrangerer bakgardkonsert på Sundheim og Sørheim

Lokalavisa har slått seg saman med nokre av dalens beste spelemenn for å spre litt musikkglede til bebuarar og tilsette ved eldresentra i dalen.

Fire medlemmer av Sør-Fron spelemannslag stiller opp til bakgardskonsert på Sundheim og Sørheim torsdag kveld.  Foto: Privat

New Articles

Torsdag kveld spelar fire spelemenn frå Sør-Fron spelemannslag i bakgarden på både Sundheim bu- og treningssenter på Vinstra og på Sørheim omsorgssenter på Hundorp.

- Kjempetiltak

Minikonsertane kan alle Dølen sine lesarar følge direkte på lokalavisa sine nettsider.

- Vi i lokalavisa tenkjer veldig på bebuarane som nå ikkje får besøk og kanskje ikkje dei aktivitetane som dei er vande med i ein normal kvardag. Vi hadde eit ønskje om å gjere noko koseleg for dei i desse utfordrande tidene, og derfor tok vi kontakt med Sør-Fron spelemannslag for å høyre om dei ville stille opp og spele. Dei sa ja med ein gong, seier redaktør i Dølen, Tone Sidsel Sanden.

- Så klart vi stiller på dette! Dette er et kjempetiltak, sier Jorunn Alme. Spelemannslaget stiller med fire spelemenn på konsertane, som riktig er, i desse dagar, da ikkje fleire skal vere samla samtidig.

- Det blir litt rar setting med så få, og at vi må halde litt avstand, men vi får gjere så godt vi kan med samspelet. Vi i spelemannslaget er veldig glade for at vi kan vere med på denne minikonserten. Vi veit det er mange einsame og mange som ikkje har det så lett i denne perioda. Derfor er det triveleg om vi kan vere med på å glede nokon med musikken vår, seier Alme.

Dei fire som stiller opp og spelar er, i tillegg til Alme, Åse Wassrud, Ola Kjorstad og Anne Grethe Holen.

- Konsertane streamar vi direkte på våre nettsider, slik at alle kan ha moglegheit til å følge med og høyre god musikk. Vi gler oss til dette, seier Sanden.

- Kjempefint opplegg! Det er eit lyspunkt utanfrå. Det er ei spesiell tid for oss alle nå, ikkje minst for dei som bur på institusjonen vår, seier tenesteleiar for institusjon ved Sørheim, Aud Synnøve Træet.

Sørheim omsorgssenter følger helsemyndigheitenes råd, og besøksforbud er innført for å beskytte både pasientar og tilsette mot eksponering av smitte.

- Dette medfører sjølvsagt ein sår og vanskeleg situasjon for mange. Pasientar som ikkje får besøk, og ikkje minst pårørande som ikkje får besøkt sine kjære, seier Træet.

Konserten ved Sundheim startar klokka 17.00, medan konserten på Sørheim startar klokka 18.30.