Årbok for Gudbrandsdalen 2023Utgjevar: Gudbrandsdal historielag Dølaringen. Redaktør: Geir Beitrusten Foto: Faksimile

Arbeidsmengda er stor, men samstundes er økonomien god. Oppi alt dette, så nemner ikkje redaktøren den store konkurransen årboka over tid har fått i frå dei ultralokale bygdebøkene i Gudbrandsdalen. Det er mange av dei, og dei legg nok beslag på ein del årbok-kjøparar. Uansett, så er nå Årboka for Gudbrandsdalen alle bygdebøkers mor, og ho vil nok halde på den status. Men eit lite varsku i frå redaktøren kan være på sin plass, for dette er ei bok dalen treng.

Innhaldsmessig så er kvaliteten på boka god, og ho har ei spennvidde av stoff i frå heile Gudbrandsdalen. Blandinga av å fortelje om folk som har sett spor og om dei som kan karakteriserast som gløymde, gjev boka balanse. Egil Ulateigs artikkel om skjåkværen Halvard Olsens liv og lagnad, gjev ein innblikk i politisk og personleg dragkamp på høgt nivå – som vel aldri hadde kome fram i ljoset om det ikkje hadde vært for årboka. I andre artiklar får vi møte folk som levde meir «fredeleg», som prestar, doktor, sorenskrivar eller som høgskolemor på Hundorp, folk som hadde, eller til slutt fekk, ein misjon med sine liv. Arne Skuteruds artikkelserie omkring helsestellet i Gudbrandsdalen frå over 100 år tilbake og fram mot nærare nåtid, burde vore tvangslesnad for alle som syt og klagar over dagens helsevesen.

Utanom forteljingane omkring folks gjøren og laden før i tida, tek årboka enkle og nyttige grep for å syne fram tida som var – slik ho var. Historikken omkring mange av smiene i dalen, kvar dei låg og korleis dei vart drifta, er eit døme. Eit anna døme er noko så enkelt og dugande som å gå inn i eit gamalt stabbur og fortelja kva som var der å finne av gamle bruksting, og fortelja kva dei blei brukte til. I denne turglade tida vi no lev i, er det også artig å lese artiklar frå skribentar som finn fram og fortel om gamle nedgrodde råk og ferdselsårer. Ein god ide som fleire lokalskribentar bør ta tak i.

Så, redaktør Beitrusten, fortset det som sidan du sette deg i redaktørstolen i 2014, så er årboka så absolutt liv laga.