Arrangørane ventar at billettane på det næraste vil vera utselde i løpet av veka, og at dei med god margin skal slå publikumstalet frå i fjor, då festivalen var arrangert for fyrste gong.

Vær inga hindring

– Det er seld tett oppunder like mange som vi hadde innanfor her i fjor, så held det fram slik, blir det ikkje att mange billettar, seier Pål Torsgård.

Dei kan etter eige utsagn ikkje skulde været om folk ikkje møter mannsterke opp:

– I fjor snødde det laurdagsmorgonen, og det var gjennomtrekk i teltet – likevel kom altså 1400 og heldt topp stemning, seier medarrangør Therese Øybrekken, på journalistens spørsmål om sommarværet.

Meir intim festivalplass

Ein del grep er gjort sidan startåret, mellom anna er scena flytta inn på plassen framom hotellet, og det har kome opp eit større telt, med plass til langt fleire folk.

– Dette trur vi blir meir intimt og koseleg, og at det vil gje konsertfeelingen i større grad, seier Torsgård.

Dei to gler seg no til å ta imot festivalfolket, som i følgje Torsgård for ein stor del også kjem «uttabygds» frå.

– I denne samanhengen betyr det utanfor Gudbrandsdalen, da, understrekar han.

Fjellfolka kan også gle seg til fleire aktiviteter knytt til festivalen, mellom anna mjølkespannkasting og sykkeltur.

Selskapet Rondaståk AS står bak festivalen, og er eigd av Pål Torsgård og Ole-Jacob Grauphaugen.

Headlinere: Staut, Oslo Ess, Monica Heldal, Valentourettes, Humming People og Comet Kid. Lokale alibi er Baksia, Det fronske kompani og Dåm.