Det er stor usikkerheit knytt til kva for konsekvensar ei slik tilslutning vil få for norsk energipolitikk. EU sitt regelverk vil gjelde for reguleringa av den norske energimarknaden, og Noreg vil ikkje ha nokon stemmerett når regelverket skal endrast.

Norsk energiforvaltning har til nå vore balansert mellom tre omsyn: Interessene til norske forbrukarar, den norske kraftkrevjande industrien og norske energiprodusentar.

I EU sin energiunion vil flyten av norsk energi styrast etter andre omsyn. Det vil få konsekvensar for vår nasjonale kontroll over viktige naturressursar. Viktige nasjonale omsyn må da vike for målet om lik pris på energi i Europa.

Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) skriv i ei uttale om tilslutning til energiunionen: «Dersom implementeringen av Energimarkedspakken vil kunne true våre institusjonelle ordninger rundt eierskap, konsesjonssystem og skattesystem, vil Norges arbeid med og synspunkter på den planlagte energiunionen måtte ta en annen retning enn det hittil er lagt opp til».

LVK gir altså klart uttrykk for at det er usikkert om norsk tilslutning vil kunne true etablerte ordningar knytt til norsk forvaltning av vasskraft. Ingen kan i dag si noko om korleis EU sitt regelverk vil vera om nokre år.

Mange ser på dette som det viktigaste spørsmålet om norsk tilknyting til EU, sidan EØS-avtala vart inngått, og det vekkjer eit stort engasjement både lokalt og nasjonalt. Mellom andre har fylkestinget i Oppland vedteke ei uttale som går i mot regjeringa sitt forslag. Klare og tydelege råd om å si nei, frå kommunar over heile landet, vil kunne påverke og avgjera utfallet i Stortinget.

I Nord-Fron kommune er det av særleg interesse å vite kva Arbeiderpartiet meiner, fordi partiet sine stemmer vil avgjera saka når den kjem opp i Stortinget.

Spørsmålet blir difor: Støttar Nord-Fron Arbeiderparti regjeringa sitt forslag om at «EU si tredje energi-marknadspakke» skal bli ein del av norsk lovverk?