Kathrine Ruset Sletten (Krf): - Vi vil også arbeide for å betre situasjonen på Sundheim

Det går mot eit spanande kommuneval nå i haust. For meg blir det ekstra spanande, ettersom eg satsar på eit «come back» i lokalpolitikken i Nord-Fron

Ruset Sletten er Krf sin 1. kandidat i Nord-Fron kommune. Ho skriv i dette innlegget at Krf vil arbeide for å betre situasjonen for dei tilsette ved Sundheim.  Foto: Tor Larsen

Meninger

Etter ei pause frå politikken, håpar eg på fornya tillit etter valet!

Vi i Nord-Fron KrF er veldig stolte over at vi klarte å få på plass ei god liste til årets val, til tross for eit krevjande år for partiet, både sentralt og lokalt. Eg har sjølv vore i tenkeboksen når det gjeld mi framtid i partiet. Konklusjonen har vorte tydeleg for meg; KrF, og KrF sin politikk, er der eg føler meg mest heime. Sjølv om eg er ueinig med moderpartiet i mykje og mangt, er det vår politikk eg har trua på, og som eg brenn for. Ønskjer eg ein endra kurs for mitt parti, er det best å få til «innanfrå»!

Eg vil spesielt nemne to saker som eg og Nord-Fron KrF vil jobbe for framover. Vi vil gjere det vi kan for at kommunen vår skal innføre ordninga med Fritidskort. Ei slik ordning vil sikre eit godt tilbod til barn og unge som har begrensa økonomisk mulegheit til å delta på fritidsaktivitetar og kulturtilbod. Fritidskortet kan bety ein stor forskjell for mange!

Vi vil også jobbe for å betre situasjonen på Sundheim, og følgje prosessen tett opp. Slik vi kjenner situasjonen, må det skje store endringar for å betre arbeidskvardagen for dei tilsette!

Dette er berre litt av det som vi i Nord-Fron KrF vil ha fokus på i vårt arbeid. Framover mot valet skal du som veljar få mulegheit til å møte oss på stand rundt omkring på Vinstra. Her blir det muleg å slå av ein prat, og få brosjyrer og program som synleggjer vår politikk enda betre. På Facebook-sida vår, og på heimesida til krf.no, fins det også mykje god informasjon.