- Skular som sikrar elevane sunn mat viser at grunnlaget for eit godt læringsmiljø blir betre

Sør-Fron Bygdaliste vil satse på skulen, skriv 2. kandidat Hanne Skogum.
Meninger

Sør-Fron Bygdaliste vil i dei neste fire åra arbeide for at skulane i Sør-Fron får tilsett sosiallærarar. Vi meiner at dette er ei investering for framtida og at vi politikarar har eit samfunnsansvar for at kommunen vår ivaretek barn og unge sine rettigheiter på ein god måte.

Bygdalista meiner at ei slik ordning kan forebygge psykiske helseplager og at det vil gje ein økonomisk gevins på sikt.

I Sverige og Finland får skuleborna gratis mat. Dette viser seg å ha vore ei god investering. Dette har vore dokumentert ved at elevane har vorte meir konsentrerte og det er meir ro i timane. Skular som sikrar elevane sunn mat viser at grunnlaget for eit godt læringsmiljø blir betre. Som vaksne veit vi kor tungt det er å arbeide lenge utan mat.

Mange barn og unge kjem på skulen utan å ha ete frukost. Det er ikkje lett å konsentrera seg og lære noko nytt når kroppen ikkje har fått det den treng. Lågt blodsukker og dårlege matvaner gjer også ungane urolege og ukonsentrerte.

Bygdalista vil arbeide for at elevane i Sør-Fron skal få eit gratis måltid på skulen kvar dag. Dette av omsyn til ungane sin trivsel og at dei står betre rusta til å ta til seg kunnskap. Barn og ungdom er framtida vår.

Sør-Fron Bygdaliste vil gje barn og unge gode oppvekstvilkår. Å investere i barn og unge si helse er avgjerande i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Vi treng ein komande generasjon med god helse, både fysisk og psykisk!