Reiseglede og offentlig pengebruk

Regionrådet arrangerer tur til Sveits, sender påmeldingslister til kommunane, og dei vert fort fulltegna. Som engelskmennene seier: "The more, the merrier".
Meninger

Her er ei sann historie frå Skien, ein liten tettstad attmed Porsgrunnselva. Den har Minot i Nord-Dakota som vennskapsby, og har i eit par mannsaldrar årleg sendt delegasjonar over dammen for å styrka samhaldet. Det er ei slags naturlov, akkurat som ein rullande snøball, at talet på deltakarar i slike offentlege opplegg aukar kvar enda gong - og ikkje minst kostnadene! Men etter at utgiftene har nådd mange-millionarbeløp, er det ingen som lenger bryr seg om ein auke på skarve 2-300.000 kroner.

Dei utvalde var politikarar og kommunetilsette, og la sjølv au ut mange pengar som dei kravde å få att av arbeidsgjevaren sin.

For å syna fram Skien og Noreg på ein høveleg måte, var det nokon som reiv i luksusmiddagar på viktige amerikanarar. Lange taxi-turar. Tips. Skitne skjorter måtte sendast på vaskeriet, og det var så varmt på reisa at mange laut kjøla seg ned med ein halvliter under mellomlandinga i Amsterdam. Kan hende det var denne morgonpilsen eller rekninga frå vaskeriet som fekk ein bladfyk (ikkje kommunerevisjonen!) til å byrja å undra seg over heile vennskapsby-saka.

Det var jo berre nokre små drit-beløp i den store samanhengen, men etter at dei vart kjend gjennom avisene, måtte politikarane gå i seg sjølv og vurdera både storleik, kostnad og nytte av desse "automatiske" haust-turane til Minot.

Ordføraren i Nord-Fron har rett i at det er viktig at folk vert kjend med kvarandre, men når dei alle bur i Gudbrandsdalen, så er det ein ganske lang omveg å måtte reisa heilt til Sveits for å kunne møtast.

Reidar Hage