Hildegunn meiner me skal være takksame -Mange rundt meg i lokalmiljøet er sinte og frustrerte

Hildegunn Maria Haanes Ruset oppfordrar folk til å nytte situasjonen til å være takknemlege og glade for at samfunnet rundt oss.

  Foto: Guro Vollen

Meninger

Når koronaviruset no sprer seg både blant folk, og ikkje minst i media, er det to ting eg er takksam for. At ikkje eg eller mine er smitta og at ikkje eg er den som sitt med ansvaret for å vurdere tiltak for å begrense spredninga av koronaviruset i vår kommune.

Det sitt menneske å jobbar med dette døgnet rundt, menneske med fagkompetanse innan leiing, medisin og krisehandtering. Eit system som ikkje opprettast i slike situasjonar, men som ligg der klart for å settast igang når det er behov. Dette er ein gode som kjem med eitt velfungerande samfunn.

Likevel ser eg mange rundt meg i lokalmiljøet som er sinte og frustrerte, det paradoksale er at dei dei i hovudsak delast inn i to motstridande grupper: dei som meiner vi er offer for unødvendig hysteri og som trur karantene er unødvendig. Og dei som roper på tiltak som vil lamme store deler av lokalsamfunnet.

Dei som jobbar med handteringa av koronaviruset må finne balansa mellom å ta på alvor at dette viruset er farleg for mange og det at det er ufarleg for dei fleste. Dei må ikkje skape panikk, men samstundes få folk til å forstå kor viktig det er å hindre spreiing. Oppgåva blir å vurdere nytte opp mot risiko.

Skulene og barnehagane er opne fordi det er svært viktig å ikkje miste mykje undervisning, og fordi det er veldig mange arbeidsplassar som blir ramma om barn i barnehagealder må være heime. Det betyr ikkje at dei som vurderer smitterisiko trur at det ikkje kan skje smitte ved desse institusjonane, det betyr at dei har vurdert det dit hen at risikoen ikkje trumfar nytta av å halde det ope.

Når dei ber oss innbyggarar om å ikkje samlast til trening, kor-øving og selskap er det fordi nytta av desse samlingane vurderast som mindre viktig enn risikoen for smitte. Om du vurderer det annleis har du framleis fridom til å gjere "det du vil". Med mindre du er satt i karantene og då sjølvsagt må være heime. Vi kan være redde, sinte, oppgitt og bekymra, men eg oppfordrar til å også nytte situasjonen til å være takknemlege og glade for at samfunnet rundt oss, fellesskapet, tilbyr eit system kor kompetente folk tek ansvar på sine felt i ein krevjande situasjon.

Innlegget ble først publisert på Rusets facebookside.