Breibandsutbygging i Sør-Fron

For å bo og leve i Sør-Fron og Gudbrandsdalen må alle ha godt nett. Spesielt det siste året med heimeundervisning og -kontor har vist oss det ettertrykkeleg.

Ordfører i Sør-Fron kommune Ole Tvete Muriteigen.  Foto: Guro Vollen

Meninger

Telenor sitt kobbarnett skal fasast ut, og mobilt breiband blir einaste alternativ i relativt store områder. Der det er mobildekning, vel og merke. Kommersielt utbyggbare områder er godt utbygd.

Situasjonen er lik i nabokommunane Nord-Fron og Ringebu. Derfor vart eit fellesprosjekt retta mot dei områda som krev tung offentleg subsidiering for å bli utbygd starta opp i 2018 – slik at alle får godt nok nett på sikt.

Utbygginga er av dei større infrastrukturutbyggingane i vår region, og er muleg fordi gode krefter bidreg. Kommunane, fylkeskommunen, Nkom/staten, Eidsiva Bredbånd, Gudbrandsdal Energi Fiber og Vevig må nemnast.

Eigenandelen er 10 000 kr for alle, og er ein del av finansieringa av den subsidierte utbygginga og vil ligge fast også i framtida. 10 000 kr er mykje pengar det, men det er vitig å sjå mulegheitene god nett gir. Heimekontor og -undervisning, velferdsteknologi, kommunale og andre offentlege tenester er eksempel. Verdien på boligen vil auke.

…og i enkelte situasjonar – der dataspel, TV, film og underhaldning sprengjer kapasiteten – vil betre nett også bli eit viktig konfliktdempande tiltak i heimen!

På grunn av dette har Sør-Fron kommune gjennom einstemmige kommunestyrevedtak prioritert relativt store beløp til arbeidet.

Områda og utbyggingstrinna er baserte på faglege råd frå Eidsiva Breiband etter retningsliner frå Nkom/staten og deira dekningskart.

Mange har teikna abonnement, og eg vil oppfordre alle som kan til å gjere det.

Trinn 1 er i godt i gang, og omfattar baksida på Harpefoss og Lia.

Sør-Fron kommune bidrog med 2 200 000 kr, fylkeskommunen med 2 125 289 kr, Nkom/staten med 265 631 kr.

Tilleggsløyving frå kommunen på 1 000 000 kr løste ut utbygging i boligfelta i Lia.

Eidsiva Bredbånd AS bygger ut.

Trinn 2 skal omfatte Jensbakken og Kvarvet, og startar hausten 2021 til 2023.

Sør-Fron kommune har løyvd 1 000 000 kr, fylkeskommunen 1 000 000 kr, og Nkom/staten 667 997 kr.

Tilleggsløyving frå kommunen på 1 513 790 kr gjer at ein får bygd ut heile Kvarvet og baksida mellom Lia og Harpefoss. Eidsiva Breiband AS skal bygge ut.

Trinn 3 skal omfatte husstandar etter Øverbygdsvegen og Frya.

Sør-Fron kommune har løyvd 1 243 667 kr, Nkom/staten har løyvd kr 2 205 500.

Utbygginga skal ut på anbod nå i vår.

Trinn 4 skal omfatte dei som fortsatt ikkje har fått tilgang.

Verkeleg ein flott og viktig sak å samarbeide om.

Det alle ser er at den statlege delen opplagt blir for liten. Kommunane tek godt over halvparten av ein kostnad staten framover MÅ ta ein betydeleg større del av.

Mange rikspolitikarar pratar om at nett må bli like viktig som strøm. Ja, har eg ofte tenkt, men slutt å prate om det, og gjer heller noko med det!

Det har eg tenkt å minne om både før og etter Stortingsvalget i haust. Gjer det gjerne du også.


Ole Tvete Muriteigen

Ordførar i Sør-Fron