Hedmark og Oppland eller Innlandet - kva meiner folk?

Regjeringa har varsla at Innlandet fylkeskommune kan løysast opp, slik at Oppland og Hedmark igjen kan bli eigne fylke.

Olav Røssum, nestleiar i Oppland Senterparti.  Foto: Tone Sidsel Sanden

Meninger

Føresetnaden for dette er at det må vera eit politisk fleirtal i fylkestinget som går inn for det. Oppland Senterparti støttar fullt ut regjeringa si haldning i dette spørsmålet.

Både i Oppland og Hedmark fylkesting var det i si tid store politiske fleirtal som gjekk mot ei samanslåing, men regjeringa Solberg pressa den likevel gjennom. Det same vart gjort ved opprettinga av Viken, og Troms og Finnmark.

Senterpartiet sitt program, og den nye regjeringa si plattform, viser tydeleg kva for retning Senterpartiet vil utvikle samfunnet i. Vi vil ha lågare klimautslepp, aktiv bruk av naturressursene for å skape verdiar og arbeidsplassar, og eit levande folkestyre. Fellesskapet skal stille opp for alle, same kvar du bur.

For å få til dette må samfunnet ha gode verkemiddel. Fylkeskommunen er eit slik verktøy, og dette må tilpassast det arbeidet som skal gjerast. Innlandet fylkeskommune er i areal større enn Danmark, og har eit folketal som Island.

Områda i Hedmark og Oppland som ligg langt frå dei sentrale stroka, og har lågare folketal, vil i mindre grad nå opp i prioriteringar av ulike slag. Færre folkevalde i ein stor organisasjon med mange administrativt tilsette gjer det også vanskeleg å oppretthalde eit levande folkestyre.

Senterpartiet meiner på grunn av dette, men også av fleire andre grunnar, at Innlandet fylkeskommune bør løysast opp.

I motsetnad til den førre regjeringa vil regjeringa Støre respektere nye lokale vedtak i desse spørsmåla. Om stutt tid vil regjeringa informere om korleis det kan leggast til rette for oppløysing av kommunar, som mot si vilje vart slått saman. Av omsyn til tidsfristar, knytt til gjennomføring av neste lokalval, vil det truleg bli krav om at endelege vedtak må fattast i løpet av mars i 2022.

I desember skal fylkestinget i Innlandet ta stilling til vidare framdrift i arbeidet med denne saka. Det vil vera svært uheldig dersom fylkestinget alt da gjer endeleg vedtak om at Innlandet fylkeskommune skal bestå. Arbeidet bør ikkje bli avslutta om nokre få veker, utan å vite kva folk meiner om saka.

Senterpartiet vil at Innlandet fylkeskommune skal involvere flest mogleg fram mot endeleg vedtak. Innbyggjarar, kommunar, næringsliv og organisasjonar må bli involvert, slik at fylkestinget har eit best mogleg grunnlag å gjera vedtak på. Senterpartiet vil foreslå at det skal gjennomførast ei rådgjevande folkerøysting, slik at alle innbyggjarar kan få si kva dei meiner.

Det er ulike syn i dette svært viktige spørsmålet. Difor må vi gi oss tid til å vurdere ulike synspunkt på kva som er best, før endelege vedtak blir fatta. Vi kan ikkje la spørsmålet om ei eventuell oppløysing av Innlandet bli avgjort på same vilkårlege måte, som vedtaket om samanslåing av Hedmark og Oppland i si tid vart gjort på.

Vi har tida fram til mars. Det gir oss nok tid til å gjennomføre diskusjonar, høyringar og andre involveringar. I respekt for at dette er ei svært viktig sak må vi bruke denne tida. Alle politiske parti i Innlandet fylkesting, uavhengig av kva dei meiner om Innlandet fylkeskommune, bør kunne slutte seg til det.


Olav Røssum, nestleiar i Oppland Senterparti.