- Vi kan håpe på ein positiv effekt av pandemien der det blir lettare både å be om og strekke ut ei hjelpende hand

I dei to pandemiåra har vi sett kor fort vi kan bli avhengige av ei hjelpande hand.

Eli Blakstad, velferdsdirektør Statsforvalteren i Innlandet.  Foto: Ivar Ødegaard

Meninger

Når omikron eller andre ting kastar om på kvardagen vår og gjer livet vanskeleg, er det godt å vete at vi i Innlandet har mange som skal gi hjelp – inna helse, skule, barnevern og NAV. Frå nyttår skal fleire av desse jobbe tettare saman for å sikre ei god oppvekst for barna våre gjennom oppvekst-reforma. For – ein god barndom betyr noko for heile livet.

Kari er sjukepleiar, og ho gleda seg til ein feriedag 13. desember. Det har vore ein hektisk haust. Under kveldsmaten dagen før får ho tre SMS-ar frå avdelinga på sjukehuset med spørsmål om ho kan kome på jobb fordi det er stort sjukefråvær. Feriedagen ho såg fram til, må bli over jul.

Ali er lærar på barneskulen. Telefonen ringer på kvelden 14. desember, og han får beskjed om at det er mistanke om korona i klassa hass. Neste morgon må han hente hurtigtestar i kommunen og organisere testing på elevane i klassa før dei startar undervisninga.

Per på 7 år gruar seg til jul, for skjenkestopp betyr at far vil vere heime kvar kveld og drikke, og Per veit at det blir krangling. Heldigvis kan han ringe barnevernet hvis det blir for skummelt, han har skrive opp nummeret. Per er glad for at læraren fortalde om tenestene i barnevernet.


Til jul i fjor fikk Åse sjokkbeskjeden - så tok hun opp kampen: - Det føles jammen rart når det treffer en sjøl

I år, derimot, har hun overvunnet sjukdommen. Nå berømmes hun av dattera Mari.


Sofie er letta over koronautbrot og heimeskule. Då slepp ho at klassekameratane ertar henne, og ho unngår spørsmål frå jentene i klassa om kvar ho skal når ho har time på BUP midt i skuletida. Julefri blir bra, og kanskje det er pengar til litt ekstra i år - ho veit at dei sosiale tenestene i NAV har innvilga støtte til dei høge straumutgiftene i november. Og kanskje mor får jobb att i 2022?

Kari og Ali er to eksempel på kvardagsheltar som brettar opp ermene og gjer ein viktig innsats. Mange har i haust gleda seg til julefeiring med vener og familie, og til å kunne møtast og slappe litt av. Men jula 2022 blir ei ny koronajul med stort behov for fagfolk i tenestene. Tenester som Per og Sofie er avhengige av for å vere trygge.

Frå 1. januar 2022 trer barnevernsreforma i kraft. Kommunane får større ansvar for barnevernsområdet og det førebyggjende arbeidet overfor utsette barn og unge og familiane deira. Tenestene må samarbeide og samhandle i folks kvardag, slik historiene til Per og Sofie viser, og kunnskapen og ansvaret som Ali og Kari tek, er viktigare enn nokon gong.


Rigmor (54) har levd over halve livet med den uhelbredelige sjukdommen. Nå hylles hun av ektemannen

Rigmor Jacobsen (54) har hatt MS i 28 år. Likevel stiller hun alltid opp for de seks barnebarna.


Eg er stolt over fagmenneska i Innlandet. Oppvekstreforma gjer det mogleg, og forutsett, at ulike tenester i enda større grad kan samhandle. Fagfolk som er nysgjerrige på tvers av fag må få lov, og må bli motivert til, å ta initiativ. Ikkje la det blir for byråkratisk og komplisert. Folk sine liv, kvar dag, er det vi arbeider for at skal vere bra. Vi hjå Statsforvaltaren har mange oppdrag knytta til barn og familiar og tenestene dei avheng av, og arbeider også for å få til god samordning av ressursane rundt dei som er sårbare og treng hjelp.

Med lærdommen frå pandemien, har nå enda fleire av oss innsett kor fort ein kan få snudd om på eit trygt liv. Arbeidsledighet, permittering, sjukdom, psykisk uhelse, samlivsproblem og rus – alt kan snu om på kvardagen til barn og vaksne.

Ære vere dei som er opne om slike erfaringer, og bidreg til å fjerne skam rundt dette. Takk til dei som fortel at dei bad om hjelp, kva dei fekk, og kven som hjalp dei. De er viktige førebilete for å få fleire til å tørre. Vi kan håpe på ein positiv effekt av pandemien der fleire har opplevd å plutseleg bli sårbare: at det blir lettare både å be om og strekke ut ei hjelpende hand.

Eli Blakstad, Velferdsdirektør Statsforvalteren i Innlandet


Den enorme samlinga til Knut Frode strekker seg helt tilbake til 1900: - Det er bra nå, vetté?

- Skal en få med seg hele samlinga, må en nok gå ganske mange runder.



Hans sin hånd ble delt i to. Sju timer senere våkner han fra operasjonen

I en alvorlig ulykke kløyvde Hans av seg halve hånda. Nå hyller han og kona helsearbeiderne.



Slår et slag for vaktmesterne og applauderer Morten: - Han kan redde hele arbeidsdagen

Nå er det vaktmester i Nord-Fron kommune Morten Byrløkken sin tur til å hylles.



20 har bidrege til boka: - Dette er ei bok vi trur du har venta på

Og boka er om Ringebu stavkyrkje, prestegarden og området rundt.