Ikkje berre produserte landbruket mat til folk lokalt og til byane på austlandet, men det var også grunnlaget for oppstart av både meieri og slakteri, som ga ringverknadar og arbeid til langt fleir enn berre gardbrukarane sjølve. På kjøpet fekk storsamfunnet eit unikt kulturlandskap og rike tradisjonar som seterkultur og matkultur.

For å sikre matforsyning i ei turbulent tid, vil Nord-Fron Senterparti arbeide aktivt for å ta vare på og vidareutvikle denne viktige næringa. Det er viktig å ta vare på både dyrka mark og utmarksbeite, som ikkje er ein ubegrensa ressurs. Stikkord framover må vere betre arealplanlegging og aktive beitebruksplanar.

Ovêret «Hans» viser oss at klimaendringar og ekstremvêr ikkje er noko som berre andre slit med. Landbruket bidreg til karbonbinding i jordsmonnet, og har maskinar og kunnskap som kan brukast i beredskapssamanheng. Andre kriser, som krig og handelsblokadar, viser at alt ikkje kan kjøpast til ei kvar tid, men at landbruket er ein essensiell del av totalberedskapen til eit land.

Sjølv om det ikkje alltid er så populært å seie det, må det vere ei god balanse mellom rovdyr og beitedyr i fjellområda våre. Beitedyra våre; storfe, sau og geit, er dei beste kulturlandskapsforvalterane vi har, dei held landskapet ope, gjødslar og held liv i ei rekke raudlista arter.

Landbruket er på mange måte limet i næringslivet i Midt-Gudbrandsdalen, og produserer sunn mat i eit evig perspektiv. Ringverknadane er mange og store, for kvar gardbrukar arbeider det mange med foredling, service og sal. Traktorbyen Vinstra og Tine Frya er berre to gode eksempel.

Marthe Dypdalen

Vemund Hagen

Nord-Fron Sp