Rundt om i landet pågår det omfattande nedbygging av matjord. Det er provoserande. Eit jorde som går tapt til bygging av nye bustader, ein ny veg eller næringsbygg, er tapt for alltid. Vi i bygdekvinnelaget vil ha ein berekraftig jordvernpolitikk. Det viktigaste er å stoppe omdisponering, som betyr nedbygging av matjord. Sjølv det nye målet til regjeringa på maksimum 2000 dekar matjord i året, er ikkje godt nok. Med nedbygging over tid står vi til slutt utan areal til matjord. Den utviklinga vil vi stoppe.

Som matnasjon har vi inga jord å miste. Vern av matjord er ei viktig nasjonal sak, men nedbygging vert som hovudregel avgjort i kvar kommune. Lokalpolitikarane i kommunane sit med den største nøkkelen. Han heiter arealplan og vert fornya kvart fjerde år.

Det betyr at dei som vert valde inn i det nye kommunestyret etter valet til hausten, avgjer kor mykje matjord som kan bli omdisponert dei neste fire åra. Vi vil difor utfordre partia som ynskjer plass i det nye kommunestyret. Kva tenkjer de om arealpolitikk? Kva tenkjer de om tydinga av matjorda for beredskap, tryggleik, vern mot flaum, mikrobiologi og karbonbinding?

Vi forstår at ein liten jordflekk hjå oss kan sjå ut som utan verdi i det store rekneskapen som handlar om nasjonale tal for omdisponert matjord, men det store talet er berre summen av alle små omdisponeringar for ein bustad her, eit næringsbygg der og eit mindre bustadfelt ein annan stad. Hvar kvadratmeter er viktig for oss i bygdekvinnelaget.

Matjord handlar både om matproduksjon i dag, om mogleg matproduksjon i morgon, men også om klimaendringar, mikrobiologi og grunnlaget for alt liv. Så kjære politikarar: Kan de fortelja oss, før valet, kva tenkjer de om arealplanen i vår kommune?