I Oppland gjeld dette Vågå, Nord-Fron, Sel, Sør-Fron, Ringebu, Sør-Aurdal, Etnedal, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vang. I dei andre kommunane kuttast prisen med 1000 kroner til 2000 kroner makspris per månad.

Eit slikt velferdsløft er mogeleg fordi regjeringa har tatt kampen om å innføre skattar på delar av overskotet til dei største havbruksselskapa.

Ein kamp vi tok fordi vi har eit mål om folkevekst i norske distrikt, auka fødselstal og å gjere kvardagen lettare for folk. Eit linjeskifte frå førre regjering sin distriktspolitikk, som passivt såg på folketalsnedgangen i distrikta.

Høgre lytta til dei store oppdrettsselskapa sitt behov for å skulle behalde alt av superprofitten sin, og stemte imot innføringa av lakseskatten.

Vi såg behovet for å bruke ein del av overskotet som verte skapt på norske naturressursar på det norske fellesskapet.

For å nå målet om folketalsvekst i norske distrikt må vi auke attraktiviteten for busetting og verdiskaping over heile landet.

Då må vi på same tid som vi utvidar byvekstavtaler frå å berre gjelde dei største byane til å og gjelde mellomstore byar, ta aktive grep for å auke attraktiviteten i dei mindre norske kommunane.

Difor har vi tatt kampen mot EØS-byråkratiet for å behalde differensiert arbeidsgjevaravgift, difor har vi innført eit grendeskuletilskot og difor har vi begynt på jobben med å løfte den norske matproduksjonen og bøndene våre.

Då vi gjekk inn i regjering i 2005 var maksprisen for barnehage rundt 5500 kroner – målt i 2024-kroner. Etter åtte år i regjering hadde vi redusert den til under 3500 kroner.

Deretter kom Høgre og Erna Solberg og auka barnehageprisen til rundt 3700 kroner. Vår regjering tar no barnehageprisen ned til 1500 kroner i store delar av landet.

Erna Solberg sin historikk med auke av barnehageprisen, og motstand mot at dei som har mest skal bidra meir til fellesskapet, viser at Høgre i mindre grad ser behovet for å bygge sterkare fellesskap i nasjonalstaten Noreg.

I Senterpartiet og Arbeidarpartiet ser vi behovet for sterkare fellesskap. Vi ser behovet for at vi treng ein ny generasjon med arbeidsfolk over heile landet. Folk som kan ta vare på våre eldre, til å bygge nytt og for å utvikle heile Noreg vidare.

Anne Beathe Tvinnereim,

Nestleiar for Senterpartiet og Utviklingsminister