Frå dag ein blir du ein faktor i alskens rekneark for å sjå om du utviklar deg «normalt»

Først blir du veid, målt, tøygd og bøygd. Legg du på deg nok?  kor mykje har du vokst? følgjer du kurva di? Nå er det snart på tide å byrje å gå, og helst før du har lært å prate. Kor mange ord klarar du å si forresten, og greier du å RRRRRR?

Blir du amma da? Nei vel, da må mor di prøve meir, og enda litt til. Vart du amma du sååå lenge? Har du allereie fått smake på slik mat? Å kjære det er ikkje bra! Samsøv du med foreldra dine,  og brukar du smokk enda?

Kor mange dagar går du i barnehagen? Lange dagar, korte dagar?  Klarar du kle på deg eller ikkje? Og kva kler du på deg? Er klærne bra nok? Held dei på varmen? Held dei ute væta? For mykje for lite, for varm eller for kald? Korleis er samspelet med dei andre ungane. Er du stille og forsiktig, eller er du ein bajas?  Finn du plassen din? Og har du nokon plass å finne i det heile tatt?

Kor mange ord les du i minuttet? Ferre enn i fjor? Foreldra dine les kanskje ikkje for deg? Kan du gå på ski? Kor fort spring du 60 meteren? Er du snill? Kanskje for snill? Eller er du kanskje slem? Har du låg, middels eller høg måloppnåing? og er du over eller under landsgjennomsnittet? Held du blyanten riktig, og klarar du knyte skolissene dine?

Kva har du på nista? Har du med sukkerhaldig drikke?  For mykje sukker, for mykje speletid, For få aktivitetar eller for mange? Søv du nok, for mykje kanskje? Når legg du deg? Kor høg kjem du til å bli tru? er du for tung eller er du kanskje for lett?

Det er viktig å følgje kurva si veit du…kjempeviktig faktisk.

Og slik fortset det inn i vaksenlivet. Kor mange fargekopier har du tatt, hvor mykje vatn har du brukt? Er du for tjukk i midja? Det er farlig for helsa. Et du sunt, trenar du nok? Nei vel ….finn fram skrittteljaren, og for all del gløym ikkje pulsklokka.  Det er viktig å bli den beste utgåva av seg sjølv. Køyrer du bil med fossilt drivstoff? Er du ei god forelder? Bidreg du nok i samfunnet? Tek du på deg nok verv? Og et du for mykje raudt kjøtt?

Er du flink nok, kul nok, pen nok, tøff nok, ambisiøs nok, engasjert nok og snill nok…og er du langt nok fram i skoa? Det er viktig å bevege seg ut av komfortsona, og være framoverlent og ikkje minst omstillingsdyktig.

Nokre målestokkar er statiske og andre endrar seg med trendar. Disse trendane og svingningene blir vi så proppa fulle av, at det snart blir heilt omogleg å stole på naturlige instinkt.

Det som var feil i går er riktig i dag, og enda verre -  det som var riktig i går er feil i dag.  Passar du ikkje inn i skjemaet så er det fare på ferde.

Kvart sekund og kvart minutt blir du observert og kartlagt. Heile tida blir du målt, og resten av tida så måler du andre. Det er berre å seie adjø til nattesøvnen, for det er nok problem å bekymre seg for som ikkje er reelle.

Viktige men også totalt uvesentlige «rekneark» blir tredd nedover hovudet på oss.  Det meste har overhodet ingen relevans for om livet vårt er godt.…men kva er eit godt liv?

Det går sikkert an å måle det også.

Uansett så er det umogleg for dei fleste å passe inn i reknestykket. Det hjelp lite med riktig svar om framgangsmåten er feil, og om framgangsmåten er riktig kan svaret likevel bli feil.

Ein kan bli frista til å kaste både linjalene, reknearka, testane og stoppeklokkene og alle andre dustete målinger i vedovnen - eller forresten da blir C02 utslippa dine for høge!