Nokre ser ein bonde som jobbar seint og tidleg, medan andre ser store, dyre traktorar. Nokre ser på våronna som vårens vakraste eventyr, medan andre irriterer seg over møkkaluft og traktordur. Nokre ser på beitedyr som naturens grasklyppar og pinnekjøt til jul, medan andre ser møkk på hyttetrappa og båndtvang for hund. Nokre ser også karbonfangst, medan andre berre ser karbonutslepp. Nokre ser produksjon av norsk mat, medan andre kunn ser subsidiering.

Vi har utruleg ulike inngangar både på kven bonden er og kva bonden gjer og kva betydning den jobben bonden legg ned har for deg og meg.

I saka om innspel til jordbruksforhandlingane i fylkestinget i Innlandet i desember var det ei rørande einigheit om kor viktig det er med norsk jordbruksproduksjon. Sjølv om det vart litt ulike parti som samla seg om ulike forslag til innspel, var det lite som var ulikt i sjølve forslaga. Dette er jo fordi vi i Innlandet ser kor viktig jordbruket er for kulturlandskapet, verdiskaping, sysselsetting og busetjing i fylket. Innlandet står for om lag 30% av norsk matproduksjon og er derfor også svært viktig for nasjonal beredskap knytt til produksjon av mat.

Det eg ynskjer meg til jul er at det kan bli ei like rørande einigheit på Stortinget om viktigheita av norsk matproduksjon. Det må vi alle jobbe hardt for. Får vi ikkje eit fleirtal på Stortinget til å bli stort nok til å gjere kloke grep, hjelper det ikkje med fine og god innlegg i fylkestingssalen dessverre.

Det har også vore leit å sjå korleis faglaga spissar seg på kvar si side i staden for å jobbe seg enda tettare saman for å sikre norsk matproduksjon. Vi treng både tverrpolitisk og tverrfagleg einigheit for å nå måla om meir sjølvforsyning og levande bygder og kulturlandskap med aktivt jordbruk.

Medan graset gror dør kua, er eit gamalt norsk ordtak som betyr at altfor omstendelege førebuingar eller lang ventetid gjer at hjelpa kjem for seint. Dette gjeld i aller høgste grad for bonden nå. Dersom vi ikkje sikrar bonden betre økonomiske rammevilkår, sikrar produksjonsgrunnlaget og set inn tiltak for rekruttering, vil bonden forsvinne medan graset gror.

Aud Hove, gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet