Han vil heller samle barnetrinnet i ein ny skule ved Flatmoen på Hundorp og at ungdomsskulen skal bli verande  på Harpefoss. Bodskapen  hans er at det berre er fordelar med barneskule på Flatmoen, mens ei samling av alle elevane i kommunen på Harpefoss vil vera ei svært dårleg løysing. Denne lite faktabaserte bodskapen har han prøvd å banke inn i hovudet på oss i over eitt år.

Faktum er at alternativet på Flatmoen har to svake punkt. Det fyrste handlar om økonomi. Kostnadsoverslaga viser at både utbygging og drift av skule der blir mange millionar dyrare enn å byggje1-10 skule  på Harpefoss.  Det andre gjeld ungdomsskulen. Innafor ei 10-årsperiode vil vi få ein reduksjon i elevtalet til ned mot 70. Konsekvensen av det er at det vil mangle fagleg breidde blant lærarane. Det fører til at elevane vil få eit mangelfulltfagtilbod.

Det er også viktig å ha med seg at Sør-Fron kommune  må stramme inn kraftig for å få endane til å møtast framover. Blant anna vil omsorgssektoren bli krevjande med ein sterk auke av eldre som treng omsorg. Vi kan da ikkje bruke meir pengar enn nødvendig på skulesektoren. 1-10 skule på Harpefoss er ei god og framtidsretta løysing.

Ny skulestruktur vedtok kommunestyret i fjor. Eitstort fleirtal gjekk inn for 1-1o skule på Harpefoss. Dette har ikkje Rudi greidd å forsone seg med. Vi meiner at når saka er vedtatt, da bør han og andre leggje bort stridsøksa og ikkje skapa meir uro som splittar bygda. Han burde nå vise ansvar og  heller bidra til å samle bygda.  Nå er han ikkje åleine. Han har fått med seg ein del folk sør i kommunen, mens folk på Harpefoss held seg i ro. Det skal dei ha ros for.

Det ein kan frykte er at AP kan begynne å vakle. Partiet støtta 1-10 alternativet da saka vart behandla i fjor, men mange i partiet vil ha omkamp, også  listekandidatar. Eg veit også at listetopp og ordførarkandidat  i AP, Arne Bredeveien og Amund Rudi  har drøfta samarbeid. Bygdalista var også invitert, men vi takka nei. Det ein kan frykte, sjølv om sjansen er  svært liten,  er at Høgre kjem i vippeposjon etter valet.  I ein slik situasjon blir det snakk om å gi og ta, og viktige saker blir sett i spel, som t.d. skulesaka. Det er det berre veljarane som kan hindre. Viss skulevedtaket skulle bli endra, vil det bety kroken på døra for ein ny skule. Sør-Fron har ikkje rygg til å bera ein stor kostnadsauke på skulesektoren.

Dei siste dagane har det kome eit initiativ frå Nord-Fron om å drøfte samarbeid om ein felles ungdomsskule for dei to kommunane. Dette kom altfor seint. Sør-Fron er i mål med si behandling av skulesaka. Ei ny runde med andre føresetnader, vil føre til lang utsetjing, men vi bør likevel avklare om samarbeid er realistisk nå.