Er det gratis å være elev i norsk skule?

I følge opplæringslova har alle «rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring», så da må ein jo gå ut i frå at det er nettopp det.

Heile hensikta med dette gratisprinsippet er inkludering. Det skal ikkje koste noko! aktivitetar i regi av skulen skal være gratis! Altfor ofte gjennom heile skuleløpet, blir det lagt opp til aktivitetar som fører til både små og større utgifter.

Når ein da veit at ei håndfull elevar i kvar klasse kjem frå familiar som slit økonomisk er det eit stort paradoks. Aller verst, om ein kan bruke det uttrykket, er det når det kjem til aktivitetar som som høyrer til under idrett og friluft. Det kan somme gonger verke som det er ei forventning om at alle familiar har dobbelt opp med både ski, syklar og dobbeltskift frå inst til ytst av alle slag.

Det skulle tatt seg ut om ungen din hadde fått beskjed om å ta med eit sett pipenøkler, ei bestemt bok, hageutstyr, kalligrafisett eller mixmaster ..For det er jo berre slik utstyr alle familiar bør/skal ha for å setje det på spissen. Og har du det ikkje, så kan du jo berre låne det….

Ein forelder fortalde meg «Vi er alltid dei som må låne».

Det er kanskje lett å spørje om å få låne om ein ikkje er spent nødt, og det er ikkje noko problem å låne om ein har nokon å låne av heller.. men det er det ikkje alle som har. Og det mest travalege av alt, er kanskje nettopp det å måtte være den som ALLTID må låne.

Det er sikkert ein utopi, men for framtida håpar eg at gratisprinsippet blir tatt på alvor. Skikkeleg på alvor. For diverse utstyrslister som blir sendt med heim forbindelse med aktivitetar, er med  på skape meir ulikskap, det er eg heilt sikker på.

Kanskje er det også elevar som droppar å være med, fordi kjensla av å vere anleis blir større på slike dagar…og når ein er liten så ynskjer ein ofte å vere som alle dei andre.

Det er kanskje snakk om småpenger tenkjer kanskje mange…ja, det er det sikkert, for dei fleste. Men ikkje for alle. For penger er eit følsomt tema, og aller mest følsomt for dei som har lite av dei.