Sjølv om bylivet og har sine fordelar ser eg ikkje for meg at eg kan bu der, saknet til heimdalen blir for stort. Men sjølv der trengs det folk som må stille opp. Det går ikkje av seg sjølv i storbyane heller!

Livet på bygda. På godt og vondt. Der «alle» veit kven du er viss du gjer noko domt, men og der «alle» veit kven du er viss du treng støtte og hjelp. Der nokon meiner «alle andre» bør ordne ting, og der vi har Bygdeløfterar som stiller opp når noko skulle vore gjort. Om det er bingo i Bygdahuset, eller skirenn i den lokale lysløypa.

For mange forstår at alle må bidra med det dei kan viss ein skal få eit godt tilbud i ei bygd. Om det er å møte opp når noko blir arrangert, eller om det er å arrangere. Alle trengs. Alle kan bidra med sitt.

Og det gjeld ikkje berre friviljug arbeid. Ynskjer ein liv i bygda må ein og handle lokalt, og bruke spesialbutikkane som ein har. Slik er ein med å gjev liv til små plassar, og stoppar sentraliseringa av «alt».

Eg handlar særs lite på nett. Mykje fordi vi har eit godt utval her, men og fordi eg ynskjer bevare arbeidsplassane i kommunen og dalen. Brukar aldri sjølvbetjeningskassane av same grunn. Ein må ta nokre slike val, og vera tru mot dei skal ein bli trudd. For fine ord hjelp ikkje bygdenoreg. Handlingar må til. Og alt heng saman.

Samarbeidsorganisasjonane Bygdekvinnelaget, Bygdeungdomslaget og Bondelaget vil i år samarbeide om eit Bygdeløft 27.oktober -5.November. Det skjer så mykje bra på bygda, og dette ynskjer vi ha fokus på.Sjekk ut om det skjer noko i di bygd eller kommune desse dagane!

Samstundes må ein sjå på utfordringane. «Alle» ynskjer vekst, men kvar tek ein veksten frå? Blir det sentralisering i eigen kommune? Er det berre kommunesenteret som skal ha butikk? Eller doktor kontor? Dette er noko mange meiner mykje om, og bygda må si sitt.

Saman kan vi alle vera med å gje bygda vår eit løft. Anten ved å vera med å arrangere noko, eller møte opp når noko blir arrangert. Vi må vera rause med heiaropa til dei som stiller opp år etter år. Der vi sjølve ikkje strekk til bør vi vera glade for kvar ein som kan.

Vi treng desse bygdeløfterane, dei som stiller opp, år etter år, utan eigen gevinst,utan den gode følelsen av å gjere noko for andre, og det gode samhaldet som det ofte blir når det er dugnad.

Borgny Sletten

Leiar Oppland Bygdekvinnelag