Ikkje noko gale med dei andre stadene, men kvar er kulturen? Kvar er stoltheita over historia vår?

Er vi på veg til å bli eit historie laust folk? Skal alt passe inn i ein mal, utan lokal forankring, utan historie og utan tanke for framtida?

Men kvifor er det da slik at det er dei lokale historiane som sel? Som folk hugsar? Når Arne tek i mot folk på Vianvang, eller Hilde på Grytting føler folk som er på besøk at dei er komen til eit vertsskap som sel noko ekte. Noko genuint! Og folk vil ha slike historiar til maten, og drikka dei får når dei kjem på besøk. Dei vil høyre om lokale bønder, om lokale produsentar som lagar noko som er spesielt for akkurat dette dalføret.

Det er her mellom anna Tine no er på veg til å støyte frå seg folk. Folk som vil høyre historia om Anne Hov på Solbråsetra ved Valsvatnet, og dei vil høyre at i 2023, 160 år etter at Anne laga den fyrste, blir den fortsatt grytekokt på ysteriet på grensa mellom Lom og Skjåk.

Vi ynskjer ikkje bli historie lause. Vi ynskjer ikkje passe inn i ein mal, over heile Noreg.

Framover må stoltheit, og historia vår koma enda betre fram. I Gudbrandsdalen skal du få servert raudost, grytekokt på grensa mellom Lom og Skjåk. Du skal få servert Dølafekjøtt, grønnsaker frå lokale bønder, og jordbærsaft frå Ringebu.

La G35, produsert på Lom og Skjåk ysteri bli ei merkevare på linje med Cognac. Og Dølafekjøtt som Kobekjøtt. Vi har ikkje noko å skjemmes over. Vi har av verdas beste råvarer og no må vi på bana og ta eigarskap, slik som Hege i Heidal har gjort med Heidalsosten. Vi treng det. Kulturen vår og historia vår treng det. Ellers går det tapt. For all tid.

La raudosten vår bli produsert som den EKTE G35! Den med den lokale forankringa. Den med den spesielle produksjonsmåten!