I eit tilsvar til Gro Mykjåland frå Senterpartiet hevdar han mellom anna at Høgre søkjer kunnskap når dei skal ta dei rette beslutningane i energispørsmål. Eg er einig med Astrup i at det er viktig å søkje kunnskap før ein tek beslutningar, men da må det samstundes stilles eit stort spørsmål ved korleis Høgre og Astrup landa på den energipolitikken dei gjennomførde gjennom åtte år i regjering.

Hovudansvaret for strømpriskrisa vi har hatt i Norge dei siste åra, ligg på regjeringa Solberg. I tospann med Frp ville dei ha tilnærming til EU og europeiske strømmarknaden, med bygging av strømkablar både til Storbritannia og Tyskland.

I tur og orden har både tidligare statsminister Solberg og energiministrane i Solbergregjeringa, Tord Lien (Frp), Terje Søviknes (Frp) og Tina Bru (H), forsikra om at strømprisen ikkje ville stige meir enn 3-4 øre pr. KWh som følgje av dei nye kablane til Tyskland og England. Fasiten veit vi nå. Prisane skaut til værs. Desse kablane og denne tilknytinga til den europeiske marknaden, skulle aldri vore gjennomførd! Det er god grunn for å stille spørsmål til Astrup og Høgre kor dei søkte kunnskap før dei beslutta å bygge utanlandskablar medan dei hadde regjeringsmakt.

Professor emeritus Øystein Noreng ved handelsskulen BI, er ein av Norges fremste ekspertar innanfor olje og- energipolitikk, og har mellom anna uttala følgjande; «Eneripriskrisen er skapt av politikere; løsningen ligger ikke i markedskreftene, men i politiske inngrep». Det er derfor heilt uforståeleg at Astrup og Høgre, gjennom den kunnskapen ein nå sitt med, meiner at Senterpartiet driv med populisme når vi sett foten ned for fleire utanlandskablar.

Når Senterpartiet ikkje vil utbetre og forsterke dagens utalandskabler til Danmark, skuldast dette kunnskap om ein feilslått energipolitikk gjennomførd av Høgre da dei satt i regjering med mellom anna Frp. Høgre har ei urokkeleg tru på at EU og marknaden skal ordne opp i den europeiske energikrisa og den norske straumpriskrisa.

Derfor er dei også ivrige på at Norge skal gje frå seg enda meir makt til EU. Dersom Astrup og Høgre meiner alvor når dei seier at søkjer kunnskap før dei tek beslutningar, bør dei i staden støtte opp om Senterpartiet sitt standpunkt om å ikkje gjennomføre oppgradering og bygging av fleire utanlandskablar.

Vi må ha nasjonal kontroll over eigen kraftutbygging, kraftproduksjon og krafteksport. Det er viktig med Senterpartiet i posisjon som kan vera med på å demme opp for iveren etter å underkaste seg EU. Vi må ha nasjonal kontroll over eigen kraftutbygging, kraftproduksjon og krafteksport.