Berre som ei påminning til fylkesfolkevalde som skal vedta ny, framtidsretta skulestruktur i Innlandet fylke.

Endring av skulestruktur er langt frå lett. Derfor 5 punkt som gjer det mindre vanskeleg:

· Behovet næringslivet og kommunane i regionen har for lærlingar og framtidig arbeidskraft. Sentralt også for framtidig næringsutvikling og for etablering av yngre barnefamiliar.

· Samarbeidet med næringslivet i regionen. Det er svært godt. Faktisk kunne enda fleire fått lærlingeplass.

· Vidaregånde skuletilbod i ein region må tilby både yrkesfag og studiespesialisering. Freistande å minne om strukturendringa når yrkesskulen i Ringebu var fløtt til Vinstra.

· Det dei tilsette i ei hjørnesteinsbedrift og kompetansearbeidsplass som VVS faktisk tilfører ein region.

· Retningen Laugen renn. Avstanden mellom Vinstra og Otta ser stutt ut på kartet, men i så å seie alt er midtdalsregionen orientert sørover. Å prøve snu dette blir eit dyrkjøpt eksperiment.

Forslaget om å legge ned VVS frå 2012, og å etablere ein skule for "dalen" og ein for "byen" vart forkasta. Det vart også ideen om å orientere fronskommunane nordover og Ringebu sørover. Dermed vart generaltabba det vil vore å sjå bort frå geografisk og naturgitt samhørigheit unngått.

Like begeistra som vi pratar opp yrkesfag må vi prate opp det studiespesialiserande tilbodet, slik at VVS fortsett som motor, nav og kraft i midtdalssamfunnet.

Blir det studiespesialiserande tilbodet fløtt eller nedlagt fører det til ei forvitring vi ikkje ser konsekvensane av før det er for seint. Truleg vil landslina i folkemusikk og musikklina gå med i dragsuget, sidan dei allmenne faga er viktige for desse tilboda. Til tross for store investeringar er danselina alt nedlagt.

VVS må få videreutvikle tilboda skulen er god på. Dei langsiktige konsekvensane ved å byggje ned eit vidaregåande skuletilbod slår svært negativt ut og svekkar heile regionen. Nedbygd blir sjeldan bygd opp att. Konsekvensane for fagkulturen, rekruttering, nyetablering på alle felt og ikkje minst skuleryktet seier seg sjøl. Ingen lever evig på ærerik fortid, men elevtalet er stabilt, og VVS leverer på miljø- og resultatmåling.

Det er opplagt at ferdigstilt E6 reduserer reisetida frå Midt-Gudbrandsdalen både til Lillehammer og Otta. Med personbil, men ikkje med skulebuss. Folk bor spredt, og ikkje samla ved E6-kryssa. Skulebussen går etter Baksidevegen rimeleg tidleg. Enda tidlegare betyr hybel-/internatliv for langt fleire.

Om hybel-/internatliv frå 15-16 års alder vil påverke motivasjon til å komme attende, og føre til at unge foreldre vil fortsette å bo midt i Gudbrands gode gamle dal er eit ope spørsmål? Eg tør tvile på det.