Dei hjelpte meg da eg var der med ein sjuk norsk FN-soldat. Vi samarbeidde godt på tvers av alle skilleliner. Krigen i -48 og-56 var lagt bak oss, og FN var der for å hindre nye konfliktar. Seinare har det vore mange kamphandlingar mellom arabarar og jødar. Israel har stadig ete opp meir av Palestina - det arabiske området isrealittar fekk første biten av i 1917.

Israel har dei siste tiåra stadig annektert nye delar av Palestina for "å sikre eigne grenser". Etter 7. oktober skal Israel hemne holocaust med sitt eige holocaust mot palestinarane. Berre gassen er bytta ut med bomber og granatar som tek ALT og ALLE. Desse krigsbrotsverka må fordømmast av USA, Frankrike og resten av verdssamfunnet. I 2023 er Israel i ferd med å ta siste jafset av Palestina. DET er bakgrunnen for Hamas sine bestialske handlingar. Men er det like bestialske svaret frå Israel betre?

Ville DU ha akseptert at framande et opp stadig meir av tomta du eig og har rundt huset ditt? Svaret seier seg sjølv. Og her er det tale om eit område som har vore palestinarane sitt i svært lang tid. Det er nok MYKJE vanskelegare for FN i dag enn i 1956, men FN er det einaste alternativet til fred i og rundt Palestina og Israel i dag. FN MÅ iallfall prøve!

Gudmund Teigen, Vinstra