7 år har gått sidan ny, trafikksikker og effektiv E6 frå Frya til Sjoa – etappe 1 – vart opna i 2016. E6-arbeidet sør i dalen er godt i gang, men lovnaden om ferdigstilling av etappe 2 – Elstad-Frya og Sjoa-Otta må ikkje koke bort i kålen!

Behov og forventning om vegbygging er kolossalt. Likevel er må det det fortsatt vere eit poeng å gjere ferdig og frå seg det som påbegynt og lova?

Bakgrunnen gløymer vi ikkje. Prop. 51S (2012-2013) «Utbygging og finansiering av første utbyggingsetappe på E6 mellom Ringebu og Otta, strekningen Frya-Sjoa i Oppland» oppsummerer det slik: «Utbyggingsstrekningen Frya-Sjoa er om lag 34 km lang. Her har det skjedd 122 ulykker med personskade i perioden 2000–2011, 18 personer ble drept, 33 personer ble hardt skadet og 185 personer ble lettere skadet i disse ulykkene.»

Slik kunne det ikkje fortsette, og oppstarten vart pressa fram av eit breitt engasjement i folket, i næringslivet lokalt og på Vestlandet, saman med andre gode krefter.

Derfor, og fordi vi vart lova at fleire bomstasjonar skulle fordele bompengane på heile strekninga frå Ringebu til Otta, aksepterte vi bompengar på ny og gamal E6.

Etter 2016 er einaste E6-bygginga som har skjedd i Gudbrandsdalen ei 47 meter lang bru på Selsverket. Kontrasten blir urimeleg stor når vi samanliknar med E16 i Valdres og RV3 i Østerdalen – som attpåtil i all hovudsak bygd utan bompengefinansiering.

Hittil har vi venta på Elstad-Frya og Sjoa-Otta i 7 år. På Sjoa endar nyvegen i ei steinrøys, og i 40-sona gjennom Ringebu kan fortsatt ikkje 2 vogntog møtast trygt på brua over Våla. Vi har betalt for uferdig veg like lenge, og kjem i verste fall til å gjere det i uoverskueleg framtid.

Det er urimeleg.

Derfor, og fordi det kan vere grunnlag for å hevde at bompengefinansieringa er rettsstridig, er situasjonen tatt opp med departementet. Departementet er ikkje einige i det, men seier likevel det vi veit så godt: Med gjeldande økonomiske rammer for Nye Veier AS vil vidare utbygging ligge noko fram i tid.

Det skal ein del Møllers Tran til for å gå til sak mot Staten, men når planane ikkje ligg innafor rammene av §27 i veglova og vedtak Stortinget har fatta blir saka betre og betre for kvar dag.

Om Nye Veger AS eller Statens Vegvesen bygger ferdig blir hipp som happ, berre vegen blir bygd.

Utfordringa er pengar å bygge for. Etappevis utbygging er krevjande for Nye Veger AS fordi samfunnsnyttescore blir lågare enn å bygge lange, samanhengande strekningar. Politisk styring av Nye Veger AS gjennom øremerking av midlar eller instruering bryt med aksjeselskapsmodellen Nye Veger er bygd på.

Skal Statens Vegvesen bygge må det komme pengar i Statsbudsjettet. Hittil er det ikkje sett av ei krone. Det blir det heller ikkje før reguleringsplanane gir eit bilde av kostnaden.

Uansett vil ferdigstilling av E6 kreve vilje til prioritering på Stortinget. I tida fram til valget i 2025 må slik vilje fram for dagen og inn i partiprogramma.

Ei løysing kan opplagt vere at Nye Veier AS – som kjenner strekninga gjennom planprogramarbeidet – startar reguleringsplanarbeidet nå i 2024. Statens vegvesen kan da starte bygging så snart planane er klare dersom regjeringa legg ferdigstilling inn i Statsbudsjettet.

Alternativet er stykkevis og delt, og bom for uferdig veg i år etter år. Kanskje tiår. Alt kjem til den som forstår å vente, heiter det - men det er ei grense for alt.