Eg har gode minne frå tida som elev ved Vinstra VGS, men det er vel lite truleg at mine personlege erfaringar med skulen for ein halv generasjon sidan har relevans i fylkestinget. Eg skal prøve å vera meir generell.

Eg har lese saksutgreiinga til fylkestinget, og mykje av det som står der gir god meining. At ein må tilpasse seg nye tider, nye behov og vera endringsvillig for å henge med i tida er eg sterk tilhengar av.

Men eg meiner det er ein stor mangel i saksframlegget at det ikkje er synt fram eit einaste kart over fylket vårt.

Teikn opp kartet, gjerne med ei framstilling av folketalet i dei ulike delane av fylket og køyreavstand til næraste skulestad. Gudbrandsdalen er lang, folk bur spreidd. Å køyre buss to timar kvar dag for å komme seg til og frå skulen er ikkje god distriktspolitikk.

Ein annan mangel i saka er ei tydelegare verdsetting av ringverknadene ein vidaregåande skule har i lokalsamfunnet.

Ei svekking av skuletilbodet ville ha støvsoge bygdene rundt oss for ungdom; å bu borte ville ha vore einaste praktisk moglege alternativ for mange.

Eg er usikker på om vi forstår konsekvensane av at i praksis all ungdom reiser ut frå bygda som 16-åringar, enten som hybelbuarar eller som bussflyktningar til ein skulestad som naturlegvis vil bli sentrum for det sosiale livet deira. Konsekvensane ei nedlegging av skulane ville fått for lokalt næringsliv og lokale arbeidsplassar er openberre, men det er meir enn dette.

Kven skal jobbe helgevakter på matbutikken, kven skal representere ungdommen i lokaldemokratiet, kven skal halde oss vakne om nettene i mai, og kven skal utfordre det etablerte?

Kven skal kjenne på lyst til å etablere seg med familie på bygda 15 år seinare?

Kven skal løfte kultur- og idrettslivet i bygdene, eller ta vidare dugnadsånd og gode tradisjonar? Kven skal utvikle eit sterkt forhold til bygdene våre? Det stemmer dessverre at folketalet er på veg ned, men ei nedprioritering av den vidaregåande skulen vil heilt sikkert akselerere denne negative utviklinga kraftig.

Det er vanskeleg å svare på kva som kjem først av høne og egg, men det er i alle tilfelle ein dårleg strategi å kappe hovudet av høna for å finne svaret.

Debatten om framtidig skulestruktur i Innlandet er nødvendig, men det manglar nokre viktige avgrensingar og grunnprinsipp for å styre diskusjonen i ein fornuftig retning. Utfordringane vi ser med til dels svakt minkande elevtal burde kunne løysast utan å svekke dei skulane vi har i Gudbrandsdalen i dag.

Fylkeskommunen seier sjølve at ei av dei viktigaste oppgåvene dei har er å sikre "levande byar og bygder og god livskvalitet for innbyggarane".

Dette må forplikte.

Politikarane må tørre å prioritere opp, ikkje ned, skulane utanfor byane i fylket vårt. Dei må sjå på det som langsiktige investeringar i bulyst og bygdeutvikling.

Av alle oppgåvene som fylkeskommunen skjøttar, er vidaregåande opplæring den største, dyraste, og viktigaste.

Derfor er det også denne oppgåva som har størst kraft til å utvikle distrikta i ein retning som sikrar levande bygder og god livskvalitet.

Fylkestinget må ikkje gå i den kortsiktige fella det er å plukke frå kvarandre ein godt fungerande distriktsinstitusjon for å få eit budsjett til å gå opp.