Vinstra har iallfall eitt: Gammalbanken. SÅ lite, men så stort! For det femner mykje av den lokale kulturen eldsjeler får til året rundt: Frivilligsentral, lagsarbeid, visesong, pensjonistmøte, språkkafe, hyggekveldar, dugurdstreff, strikkekafe, språk-og arbeidspraksistrening og private arrangement i første høgda. Men Gammalbanken har tre høgder! Ei trapp opp går dei som skal på Elvekantenmøte, og i kjellaren held Bua til: gratis utlån av ting du saknar. Elles er det ein hobbyverkstad like ved. Alt dette har med aktivitet, mestring, trivsel og glede i Nord-Fron å gjere. Gammalbanken er eit hjarte med bankande puls, eit stort sett gratis tilbod i kvardagen.

Eg kjenner best til visekveldane Øyvind Sund og Gry Sveen har. Prøysenprisvinnaren, Øyvind, og kona , Gry, har ein onsdag i midten av kvar månad visesong. Gamle og nye viser akkompagnert av Øyvind. Gry har kvar gong nytt songhefte med hennar særeigne, flotte teikningar i. Dei formidlar songskatten på ein folkeleg, lun og frisk måte. Alltid hentar dei fram nytt gull! Kaffe, te og vaflar forsterkar opplevinga.

Det som lurer i bakhovudet er: Kor lenge kan vi ha dette allsidige tilbodet som Gammalbanken gjev oss? Gamle hus blir rivne, og nye, moderne bygg tek plassen. Bra nok, men blir sjela med i dei nye bygga? Vi treng ei ramme rundt opplevingane våre, kultur i eit levande, triveleg miljø. DET gjev Gammalbanken oss gjennom dei gode hjelparane sine. Så eg vonar at Gammalbanken er liv laga. Han femner dei fleste, og er eit pustehol i ein travel kvardag.

Gudmund Teigen