Samstundes går både folketalet og fødselstala ned. Trass dette skal og må vi også i framtida tilby gode helsetenester, og gi god omsorg til dei som treng det i kommunen. Nord-Fron Senterparti meiner at dette er mogleg dersom vi prioriterer det høgt nok og organiserer arbeidet på rett måte.

For at det skal vera mogleg må vi ha fokus på å ivareta barn, ungdom og yngre vaksne, dei som i framtida skal vera yrkesaktive i samfunnet. Nord-Fron må ha fokus på å styrke skulehelsetenesta, og legge til rette for behandling og forebyggande tiltak som kan hindre psykisk uhelse. Vi må gje dei unge eit godt grunnlag inn i vaksenlivet. Det er desse som skal bidra til at vi er godt rusta til å møte eldrebølga.

Det aukande behovet for fagfolk innan helse og omsorgstenester vil krevje at vi som kommune gjer oss attraktive å jobbe for. Det vil bli viktig å legge til rette for samarbeid med høgskular og vidaregåande skuler for å knytte til seg framtidige helsearbeidarar.

Utfordringane knytt til folk si helse er mange: Alderdom med tap av ferdigheiter, funksjonsnedsetting , demens, utryggheit og einsemd, somatiske sjukdommar, psykiske lidingar, rus-utfordringar og livskriser. Alt dette skal dei kommunale tenestene møte. Sjukdom og funksjons-nedsetting spør ikkje etter alder.

Kvar enkelt av oss har individuelle behov i møte med helse og omsorgstenester, og Senterpartiet vil jobbe for at det er fleksibilitet i hjelpa, slik at det kan bli best mogleg tilrettelegging for den enkelte som søker hjelp. Heimebaserte tenester må styrkast, slik at dei som ønsker kan meistre å bu heime lengst mogleg.

Ei av dei store utfordringane vi står over er einsemd. Eit av menneska sine grunnleggande behov er sosial kontakt. Senterpartiet vil difor å ha gode dagtilbod for eldre i nærområda, både i Skåbu, Kvam og på Vinstra.

Mange av oss vil ved slutten på livet ha behov for svært mykje hjelp gjennom heile døgnet. Med fleire eldre og aukande levealder vil det bli behov for fleire institusjonsplassar og bustader med heildøgns-omsorg (HDO). Senterpartiet vil auke denne kapasiteten i Nord-Fron kommune, slik at dei som har slike behov skal få god helsehjelp, omsorg, tryggheit og ei verdig avslutning på livet.

For å møte dei utfordringane som kjem framover må Nord-Fron kommunen vera ein god arbeidsgjevar, Vi må legge til rette for at tilsette innan helse og omsorg tenester skal kunne utføre jobben forsvarleg, og vi må ta vare på dei tilsette i ein travel og utfordrande jobbkvardag.

Senterpartiet vil arbeide for at det er nok ressursar til å bemanne tenestene, og gi rom for fagleg utvikling som gjer at vi lettare kan rekruttere nye fagfolk. Dyktige og motiverte tilsette er det viktigaste grunnlaget for gode tenester og for at vi framover kan stå godt rusta til å møte utfordringane vi veit kjem.