Dette uveret er iallfall det aller største eg har opplevd i mi levetid.

For min del kosta det ein ferietur, men pytt; det er eit luksusproblem. Mange har tapt mykje meir enn meg, og all ros må gå til dei som har stått på for å forebygge skade dei siste dagane, og eg håper at me finn saman for å byggje opp att etter krisa.

Dessverre er ikkje krisa som er mest til stades den einaste. Heilt vanleg arbeidsfolk slit med rekningane, grunna dyr, ustabil straum og veksande priser både for bustad og mat. Velferdsstaten sviktar for mange. Min generasjon og dei kommande er den første på lenge som det er anslått at får det dårlegare enn den førige. Utviklinga går i feil retning. Her må me ta tilbake kontrollen.

Raudt stiller for fyrste gong i Nord-Fron, og ikkje utan grunn. Oppi alle desse krisane står det folk, og det er desse folka som treng hjelp, uavhengig av størrelsen på lommeboka. Me må slå ring rundt velferdsstaten som skal vere der for oss. Å ha fokus på gode løysingar som også er lokale er nødvendig for dette. Å sentralisere det meste til Vinstra elle endå lengre nedover Lågen er ein simpel løysing som ikkje tener kommunen som heilheit.

Håkon Hermanson skreiv eit bra lesarbrev i GD om utfordringar knytt til å drive i politikken som småbarnsforelder. Eg kan må mi side seie at desse utfordringane er minst like prevalente for meg som både studerer jus og er listetopp. Men eg er stolt, eg angrar absolutt ikkje. Det har vore mykje arbeid i sommar med og skrive eit verdig program, i tillegg til å arbeide fulltid for å utlikne den økonomiske utfordringa som er å vere student i Oslo.

Men hardt arbeid har omsider ebba ut i et valprogram som har som mål å sikre eit godt arbeidsliv, lokal og forsterka velferd og nødvendig naturvern for dei kommande generasjonane og ikkje minst for Noregs beredskap. Programmet kan du finne på nett og skal også trykkjast og delast ut.

Når eg stiller til val, så er det som ein utfordrar. Eg stiller for å gje fotfeste til ei stemme som står til venstre for Arbeidarpartiet i kommunen. Dette fordi at eg meiner at den stemma er viktig for vidare drift av Nord-Fron som eg er så glad i, kommunen som eg vil flytte attende til etter eg har fullført jussen.

Uansett har eg ei oppfordring til alle: bruk stemmeretten i haust, både i kommune – og fylkestingsvalet.