Beredskap handler om å kunne, i framtid, handtere uventa, kritiske situasjonar for å berge liv og materielle verdiar. Beredskapen blir bygd opp av mennesker som bur der det er livsviktige verdiar å ta vare på, til gagn for folket.

Der det ikkje bur folk treng ein sjeldan ta omsyn til i beredskapstenkinga. Sentralisering av kommunale tenester som omsorg/helsestell, skular og barnehagar og andre kommunale tilbod, leier oss i feil retning for robuste, lokale samfunn til beste for alle, inn i ei usikker framtid. Kombinert med ein i beredskapssamanheng dysfunksonell jordbrukspolitikk, blir dette berre forsterka.

Distrikta/utkantane har areal, innmark som utmark, som den viktigaste ressursen i tillegg til folket som har nyttiggjort seg av dette naturgrunnlaget. Grunnlaget for busetting blir dermed mindre, når også kommunale tilbod gradvis blir borte.

Nord-Fron Krf ønskjer å ta heile kommunen i bruk og vil i saker som kjem opp, ha fokuset retta mot det. Utmarka må bli gitt eit vern for matproduksjon. Omfanget av hyttebygging og anna arealkrevande prosjekt, må i langt større grad ta omsyn til seter- og beitebruk, enn det som har vore tilfelle til nå. Matproduksjon er også næring.