Ei mor, Helene Birkeland, skriv at du treng ikkje bruke mykje pengar for å gje både deg sjølv og ungane ein strålande sommar. Barn treng ikkje lange ferieturar for å ha ein fin sommarferie.

Barn treng tid saman med familiane sine, tid til å leike og slappe av frå kvardagen. Ho ønskjer at foreldre skal kjenne seg trygge på at det å vere til stades saman med ungane og ha tid saman med dei og andre nære, er det som oftast gjev dei beste ferieopplevingane og minna for barn. To forteljingar for barn, har alt dette som tema.

«Den vesle prinsen»

Den eine av desse, «Den vesle prinsen» av Antoine de Saint-Exupéry, blir ofte kalla ei av verdas vakraste forteljingar.  Den vesle prinsen kjem frå planeten, asteroide B612, der det ikkje finnes anna enn tre vulkanar og ei rose. Den vesle prinsen elskar rosa si, men han er likevel ulukkeleg og gjev seg ut på ei reise frå planet til planet i nærleiken av sin eigen asteroide for å få andre opplevingar. Etter å ha besøkt seks planetar, kjem han til Jorda.

Midt ute i Sahara ørkenen naudlandar ein pilot med flyet sitt. Flygaren har fått ein maskinskade og veit at han risikerer å døy der. Han trur han er heilt aleine, men med eitt står Den vesle prinsen der. Han fortel piloten om planeten han kjem frå og at han har lagt ut på en reise til sju andre planetar for å oppleve noko anna.

Dei seks første planetane han har besøkt, drog han frå for han vart ikkje meir lukkeleg av å vere der. Den sjuande planeten er Jorda. På Jorda har han prata med blomar, menneske og dyr og han har møtt Reven som sa «Du må vere tolmodig ,nå skal du få høyre min løyndom som er ganske enkel ; Ein kan berre sjå riktig med hjartet. Det vesentlege er usynleg for auget». «Det vesentlege er usynleg for auget», hadde Den vesle prinsen gjenteke for seg sjølv for at han skulle hugse det betre. Akkurat da hadde han forstått at han elskar rosa si på sin eigen planet, at han har reist frå det som betyr mest for han og at han vil dra attende til rosa.

Han gjekk difor ut i ørkenen til staden der han fell ned på Jorda, for å dra attende til planeten sin. Der var det han møtte Piloten.

Gjennom møtet sitt med Den vesle prinsen forstår flygaren kva som er viktig i livet sitt, kor viktig det er å ta vare på det nære og kjenne på ansvaret for dei vi er glade i. Piloten får reparert flyet sitt og kjem attende til kameratane sine. Han gløymer aldri Den vesle prinsen som lærte han å forstå kor viktig rosa er.

«Det usynlege barnet»

Den andre forteljinga er Tove Jansson si forteljing «Det usynlege barnet». Tema er der og det å ta vare på det nære og vere den kloke vaksne saman med barn der barna er. Mummifamilien som er heime i Mummidalen, sit  rundt bordet og renser sopp. Det banker på ruta. Tootikki kjem inn og bak henne kjem ei lita, svevande sølvbjølle. Bjølla er festa rundt halsen på ei usynleg jente som heter Ninni.

Tootikki fortel at Ninni har vokse opp hjå ei tante som berre kom med spydige kommentarar til henne. Ninni byrja å trekke seg lengre og lengre inn i seg sjølv. Til slutt vart ho heilt usynleg og tanta ville ikkje lenger ha ei jente som ikkje var synleg, hjå seg. Da hadde Tootikki kome på at det å få vere heime hjå Mummifamilien kanskje kunne få Ninni synleg att. Tootikki veit at Mummimamma er nett det som Reven i Den vesle prinsen, seier er viktig, ho er snill, varm og tolmodig.

Mummimamma tenkjer gjennom kva ho kan gjere og finn fram mormor sine notat om « Ufeilbarlige huskurer». Ho blar seg gjennom og finn det ho leiter etter: «Viss ens venner blir tåkete og vanskelig å se» Ho les oppskrifta, set seg ned og rører saman ein «huskur for vesle Ninni».

Dei neste dagane er Ninni saman med familien i alt det dei helt på med i Mummidalen og litt etter litt blir ho synleg att. Heilt synleg blir ho den dagen Mumimamma sit på bryggekanten, kikkar ned i vatnet og Mummipappa let som han vil dytte henne ned i vatnet. Da bit Ninni Mummipappa i halen og skrik at han ikkje fer dytte Mummimamma i havet. Mummipappa glir og ramler sjølv i havet og vesle Ninni ler og blir heilt synleg.  For Ninni vart det å få vere ilag med Mummifamilien i Mummidalen og ha Mummimamma sitt varme blikk på seg, forskjellen mellom det å vere og ikkje vere. Kvar gong ho vart møtt med dette varme blikket, kom forma hennar meir og meir til syne. Det er dette som er Mummimamma sin «Huskur for vesle Ninni».

Så i sum kan vi med godt samvit både for ungane og oss sjølve,  tenkje at vi må ikkje dra så langt, bruke så mykje pengar og gjere så mykje, for å ha ein fin ferie. Der handlar mest om å vere ilag og gjere ting saman med dei som er glad i ein og som har tid og tolmod. Da er det ikkje så viktig kvar ein er. Eg har med meg det far min ein gong skreiv: «Er det noko som livet har lært meg, så er det kor viktig det er å sjå det enkle i det komplekse og gjennom det får auge på kor få ting i livet det er som verkeleg betyr noko».